• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4209901
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Helgestillingar ved heimesjukepleien og omsorg pluss

Vaksdal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi treng fleire dyktige kollegaer til heimetenesta. Det er tre ledige helgestillingar ved heimesjukepleien (to faste og eit vikariat, med moglegheit for fast) og ei ledig fast helgestilling ved omsorg pluss. Stillingsstorleik på mellom 13-31%.

Arbeidsstad

Heimesjukepleien

Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.
Arbeidoppgåver er blant anna: Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen, oppfølging med velferdsteknologi

Omsorg pluss
Omsorg pluss har eigen turnus knytt til 5 omsorgsbustader.
Arbeidsoppgåver består i oppfølging av bebuarane, individuelt tilpassa deira funksjonsnivå. Legge til rette for meistring og sjølvstende, og støtte dei der dei treng i daglege gjeremål.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål
  • Medisinhandsaming
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
  • Kontakt og samarbeid med pårørande

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev 
  • Søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
  • Krav om godkjend politiattest
  • Førarkort klasse B er eit krav for stillingane i heimesjukepleien

Me oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsoppauke å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode.
  • Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
  • Løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.        

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Vel kva avdeling det er du vil søkje på, til høgre på sida. Då får du opp ei ny side. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-konsulent: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04

 
  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4209901
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune