• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    18.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6049003
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Helgestillingar på natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skei bu- og miljøteneste, er ei av 6 bu og miljøeiningar i kommunen. Eininga har omlag 17 årsverk. Vi yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.  Vi jobbar brukarnært og brukarane treng kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege råmer. Det inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar. Støtta inneber også hjelp til  å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar. Dei som bur her treng trygge netter, eininga har to vakande nattevakter på kvar natt. 
Eininga vår er i bufelleskap på Skei med 7 leilegheiter. Personalbasen ligg i bufellesskapet.

Vi har ledige helgestillingar på 20 % - 30 %: 
  • miljøarbeidar frå snarast til 01.02.26, med arbeid kvar 3. eller kvar 4. helg
  • miljøarbeidar/miljøterapeut frå snarast, med arbeid kvar 3. eller kvar 4. helg. Fast stilling.

Vi ser etter fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Har du eit stort engasjement og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit  fagmiljø basert på  målretta miljøarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.

Arbeidsoppgåver: 
  • praktisk bistand og oppfølging av den enkelte bebuar 
  • skape trygge rammer for natta 
  • delta i fagleg utvikling 
  • journalføring
Krav til søkar:
  • vernepleiar/sjukepleiar eller andre med relevant helse -og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning, eller fagbrev som helsefagarbeidar eller barne og ungdomsarbeidar.
  • erfaring med målretta miljøarbeid til menneske med psykisk utviklingshemming er ein fordel men ikkje eit krav 
  • god i norsk munnleg og skriftleg 
  • IKT kunnskapar 
  • godkjent politiattest før oppstart

Om du ikkje stettar utdanningskravet, kan du søkje. Intern opplæring vert gitt og du vert tilsett i mellombels stilling. 

Vi søker deg som er:
  • er fleksibel, evner til å skape gode relasjonar  
  • har gode samarbeidsevne, bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode  
  • er engasjert og løysingsorientert 
  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr:
  • godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer  
  • spennande og faglege utfordringar 
  • opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering  
  • løn etter gjeldande avtaleverk 

Velkomen som søker!

Du må søke elektronisk.

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    18.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6049003
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune