• Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    08.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6533056
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
Ledigt jobb

Kvam Herad

Bufellesskap Øystese

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du ha ei helgestilling med meining?

Me ynskjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske.

  • Arbeidstida er på helg. Du kan velja mellom 2. kvar eller 3. kvar helg. Turnusen er todelt der ein varierer mellom å jobba dagvakt og kveldsvakt.
  • Ei helgestilling kan vera aktuelt for deg som har tid til overs og vil ha ei meiningsfull deltidsstilling
  • Har du tanker om å starta utdanning innen helse- eller omsorgsfag, kan ei slik stilling gje deg nyttige erfaringer med på vegen

Bufellesskap Øystese har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev teneste til personar i 4 ulike bufellesskap samt ambulerande uterute. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.

Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om jobben. Velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Ta del i dagleg drift av bufellesskapa og heimetenester til menneske med utviklingshemming
  • Legemiddelhandtering 

Kvalifikasjonar

  • Vilje og interessa for å arbeida med målretta miljøarbeid 
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig og i grupper
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
  • Du må vera fylt 18 år
  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Du er/har:

  • Lærevillig og engasjert
  • Gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Gode haldningar og er ein god lagspelar

Vi tilbyr

  • Ein variert jobb i lag med erfarne og kjekke kollegaer
  • Du får god opplæring
  • Lærerik og nyttig arbeidspraksis
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

 Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

 

  • Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    08.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6533056
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad