• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.08.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5830193
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 30.07.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Naustdal heimeteneste yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp og velferdsteknologi. Eininga har ansvar for bebuarar i 15 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Vi har fleire tiltak innan demensomsorg og kvardagsrehabilitering. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar. Naustdal heimeteneste ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?

Vi har ledig:
  • 5 faste stillingar på helg på 14 % - 20 % 

Stillingane er 2 delt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter med arbeid kvar 4. helg. 

Vi har fleire helgestillingar som er ledige, og alle som har interesse innan fagfelt i omsorgssektoren kan søke. Oppmodar spesielt sjukepleiestudentar om å søke. Desse har eigen lønnsstige. Dei som har ønska fagutdanning kan få tilbod om fast stilling, andre aktuelle søkarar får tilbod om mellombels stilling i 6 månader. 

Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev helsefagarbeidar
  • gyldig politiattest
  • du beherske norsk både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
Vi søker deg som: 
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert, ansvarsbevist og løysingsfokusert
  • taklar å jobbe i ulike avdelingar
  • ønsker å jobbe i bustad for eldre
  • er oppteken av, interessert i, eller har erfaring i å jobbe med personar med demens
  • har fokus på det miljøterapeutiske aspektet i tilnærminga til brukarane
  • er nytenkande og kreativ
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • god og tilstadeverande leiing
  • eigen lønsstige til sjukepleiestudentar

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.08.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5830193
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 30.07.2024