• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Miljøterapeut
  • Stillingstype
    Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4769460
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sande Bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta yt og avlastningsteneste til personar i 2 avlastningsleiligheiter. Personalbasane er knytta tett opp til omsorgsbustadene og avlastningsleilighetene til brukarane. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytta til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar. 

Vi har følgande ledige stillingar: 
  • 18 - 24 % faste stillingar på natt/ helg.

Stillingane er turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg. 

Vi har fleire helgestillingar som er ledige, og alle som har interesse innan fagfelt i omsorgssektoren kan søke.  Dei som har ønska fagutdanning kan få tilbod om fast stilling, andre aktuelle søkarar får tilbod om mellombels stilling i 6 månader. 

Krav til søkar:
  • fagbrev helsefagarbeidar eller helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • gyldig politiattest
  • beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
Vi søker deg som:
  • har ønske om og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å arbeide i team likegodt som sjølvstendig
  • er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • gode IKT kunnskapar
Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegar og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • varierte og spanande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • løns – og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

 Verne-og sjukepleiestudentar har eiga lønsramme, med stigande lønn under studiet.

 

Du søker elektronisk.

Velkommen om søkar!

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Miljøterapeut
  • Stillingstype
    Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4769460
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune