• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    28.08.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4710353
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Naustdal heimeteneste i Sunnfjord kommune søker etter deg som har interesse for å arbeide med sjuke og eldre i heimane deira.  Vi ønsker å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Vårt fokus er at pasientane våre skal få god oppfølging og kjenne seg trygg i heimen.

Vi yt tenester blant anna innan: Heimesjukepleie, heimehjelp, kvardagsmestring, tiltakspakke demens og velferdsteknologi. Vi har ressurssjukepleiarar innan aldring og demens, akuttsjukepleie, lindrande behandling og rehabilitering.

Naustdal heimeteneste er ei avdelinga av 6 heimetenester i Sunnfjord kommune, med omlag 116 brukar fordelt på 23 årsverk.

Vi har ledig:
  • 14-20 % helgestillingar

Stillingane er i turnus med dag/kveldsvakter.

Vi søker deg som:
  • er autorisert sjukepleiar/vernepleiar eller helsefagarbeidar. Vi oppfordrar sjukepleiar og vernepleiarstudentar og andre med kunnskap og interesse for eldreomsorg om å søke. Du vil då få tilbod om mellombels tilsetting
  • har motivasjon for å jobbe innan heimebaserte tenester, og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er engasjert og kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • fungerar godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • behersker godt norsk
  • førarkort til bil
Arbeidsoppgåver:
  • utføre praktiske oppgåver, observere tilstand og behov hos pasientane
  • samarbeide med pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta og tverrfagleg med andre einingar i kommunen
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet Cosdoc 

Eininga har mange faglege utfordringar å engasjere seg i og vi har svært varierte arbeidsdagar. Vi har fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Eininga har tenestebilar. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast, og ein jobb du kan føle deg trygg i. 

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Du må søke elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    28.08.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4710353
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune