• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2021
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3999250
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 29.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Arbeidsstad er heimetenesta på Vassenden som har base ved Vassenden omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, velferdsteknologi, matombringing og dagtilbod. Tenesta har ansvar for bebuarar i 39 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene.

Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, og har fleire tiltak innan demensomsorg og kvardagsrehabilitering. Vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt.

Vi har ledig:
  • Helgestillingar - 14% fast stilling
    Arbeidstid er 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev helsefagarbeidar
  • gyldig politiattest
  • beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B

Andre som har interesse innan fagfelt i omsorgssektoren kan søke på stillinga.
Sjukepleiestudentar har eigen lønsstige.

Dei som har ønska fagutdanning kan få tilbod om fast stilling, mens andre søkjarar får tilbod om mellombels stilling i 6 månader.

Vi søker deg som:
  • har interesse og engasjement for fagfeltet
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
  • er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling 
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • personleg eignaheit vil bli vektlagt
Kva tilbyr vi?
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • lønsvilkår etter gjeldande tariffavtale og mogelegheit for kompetansetillegg for relevant tilleggsutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilsettinga etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
  • eigen lønsstige for sjukepleiarstudentar

 For tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 månader.

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk. 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2021
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3999250
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 29.07.2021