Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde heimeteneste, eining 1, held til på Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i om lag 65 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter. Eininga har om lag 33 årsverk. Heimetenesta har fokus på implemetentering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette.

Vi har fleire helgestillingar ledig for helsefagarbeidarar, 14 % stilling.

Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag der ein følger opp ulike brukarar som bur heime i omsorgsbustad. Det er moglegheit for ekstravakter i desse stillingane (tilkallingsvikar).

Stillingane er for tida i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Vi ønsker at du:
  • har interesse for å yte omsorg
  • er engasjert og positiv
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvilleg og løysningsorientert
  • er fleksibel

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. 

Dersom det ikkje melder seg søkarar som er autoriserte helsefagarbeidarar, kan andre med kunnskap og interesse for arbeid med omsorg, stell, pleie og praktisk bistand til menneske med ulike hjelpebehov vere aktuelle. Dei vil då få tilbod om mellombels tilsetting. Høgskulestudentar som tek helse- og sosialfagleg utdanning har eigen lønsstige med stigande løn. Sjukepleiestudentar blir prioriterte.

Kva kan vi tilby?
  • engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
  • eit inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.

Politiattest må leverast før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!