• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5165236
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helgestillingar 15% - Heimetenesta - Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helsefagarbeidar, sjuke/vernepleiarstudentar søkast til helgestillingar i heimetenesta

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner – Straume, Skogsvåg og Rong. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Me treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Me ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver du vil møte.

Det er no ledig 15% helgestillingar i alle sonene (faste stillingar og vikariat). Me ønsker deg som er helsefagarbeidar/ sjuke- vernepleiarstudent. Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid på helg i heimesjukepleien
  • Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Fagbrev innan helsefag eller studentar i sjuke/vernepleie
  • Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Førarkort for bil
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i heimesjukepleien eller arbeid med eldre

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kommunen har følgjande modell for sjukepleiar-  vernepleiarstudentar:

  • 1. studieår: frå oppstart første år til påfølgjande år, kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår: frå oppstart andre år til studiestart påfølgjande år, kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår: Siste studieår definerast frå start siste studieår til avsluttande eksamen er fullført/bestått, kr 50.000 over sentral garantiløn

Kontakt:

Einingsleiar Kate S Løland  950 71 121, Sone Sør

Einingsleiar Brit Larsson 996 42 253, Sone Straume

Einingsleiar Marianne V. Berland 901 59 103, Sone Nord

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5165236
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.04.2023