• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.09.2021
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4090922
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Helgestillingar - 1-2x 20-30% fast

Alver kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Bjørkhaugen bufellesskap har ledig ein til to faste helgestillingar på ca 20-30% med langvakter (12,5 timar).

Om Habiliteringstenester i Alver kommune 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Om Bjørkhaugen bufellesskap

Bjørkhaugen bufellesskap i Knarvik, er bustaden til 6 personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, somatiske utfordringar, aldring og epilepsi. Målet er å skape tryggleik, gi tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gi personane gode opplevingar.

Arbeidsoppgåver

  • Leggje til rette for aktivitetar og for at kvar enkelt skal kunne meistre eigen kvardag
  • Utføre naudsynte omsorgsoppgåver
  • Legemiddelhåndtering
  • Oppfølging av vedtak etter kap. 9
  • Praktiske gjeremål i bolig
  • Bidra til eit godt omdømme gjennom god service ovanfor tenestemottakar
  • Dokumentasjon gjennom Profil

Kompetanse

  • Autorisert helsefagarbeidar eller studentar innan helsefaglege og pedagogiske studieretningar.
  • Evne til å foreta faglege vurderingar og utvise godt skjønn
  • Høg etisk bevisstheit og evne til kritisk refleksjon
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og somatiske plager
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne 

Ønskt kompetanse

  • Gode datakunnskapar
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • God fysisk og psykisk helse
  • Engasjement for faget og brukargruppa
  • Evne til empati og til å sjå den einskilde brukar
  • Evne til å prioritere i ein travel kvardag
  • Gode samarbeidsevner
  • Ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø

Me ynskjer deg som er engasjert, fleksibel og har erfaring frå brukargruppa. Du er ikkje redd for å by på deg sjølv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv.

Personleg eigenskapar blir vektlagde

Vi tilbyr 

God pensjonsordning 
Personleg og fagleg utvikling
Godt arbeidsmiljø

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest ved tiltredelse.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

 
  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.09.2021
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4090922
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune