• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    17.07.2022
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4681306
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
Ledig stilling

Vaksdal kommune

Helgestilling ved kjøkken på Ressurssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Ressurssenteret treng vi fleire dyktige kollegaer, og har ledige fast helgestilling på kjøkkenet ca 10 %

Er du interessert i ei meiningsfull og givande helgestilling? Er du til dømes student på jakt etter deltidsjobb, eller har du ei genuin interesse for å arbeide med eldreomsorg?

Då har vi jobben for deg! Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfølging.

Om arbeidsstad

Ressurssenteret er på Vaksdal sjukeheim. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider. 2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens. 

Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon.
Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Oppfølging av kjøkkenoppgåver, oppvarming av middag, oppvask etc
  • Hjelpe til i måltidssituasjon
  • Vere ein del av miljøet kring bebuarane
  • Samarbeid med pleiepersonale i avdelingane

Krav til kompetanse

  • Relevant fagbrev 
  • Søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
  • Krav om godkjend politiattest

Me oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsoppauke å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
  • Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
  • Løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.        

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04

 

 

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    17.07.2022
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4681306
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune