Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
11.04.2021Sted:
DALEKVAMBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
DALEKVAMLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3654181Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
Helgestilling natt ved Ressurssenter
Vaksdal kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helse og omsorg har ledig helgestilling natt ved for tida Ressurssenteret på Vaksdal
Det er ledig 27,46% fast stilling for fagarbeidar i 2. etsje ved Ressurssenter for personar med demens. Arbeid på natt og kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål
- Medisinhandsaming
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
Krav til kompetanse:
- Helsefagarbeidar
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med demens
- Ufaglærte og andre søkjarar med relevant erfaring/kompetanse kan også bli vurdert
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Vi oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsauke om å søkje
Personlege eigenskapar:
- Ha god kommunikasjonsevne
- Like arbeid knytt til personar med demens
- Likar å arbeide i eit miljø med varierte arbeidsoppgåver
- Påliteleg og stabil, samt løysingsorientert og positiv
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientar og pårørande
- Vere god på endring og omstilling, frå små omstillingar i arbeidskvardagen til større endringar på organisatorisk nivå
- Vere god på samarbeid og samstundes kunne arbeide sjølvstendig
- Vere trygg i deg sjølv og kunne takle uføreseielege hendingar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Likar å jobbe i eit miljø med varierte arbeidsoppgåver
- Evnar å sjå heilskapen i tenesteflyt, samt finne dei gode løysingane
- Evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientar og pårørande
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Lønsvilkår
- Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønstillegg for relevant vidareutdanning
- Støtteordning for relevante utdanningar og studiar
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og føl vidare instruksjonar.
For å søkje må du opprette brukarnamn og passord. Har du søkt via EasyCruit før er brukarnamnet ofte e-posten du nytta.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller HR-konsulent på tlf 95 52 75 04 eller e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
11.04.2021Sted:
DALEKVAMBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
DALEKVAMLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3654181Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Legg ut alle dine ledige jobber
- Bestill annonsering i alle kanaler
- Motta søknader ett sted
- Profesjonell søknadshåndtering
- Karriere Match - 100.000 kandidater
- Integrasjoner med HR og fag-systemer