Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6704806Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten
Helgestilling - miljøarbeidarOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer ein engasjert miljøarbeidar til fast helgestilling med oppstart frå snarast/etter avtale. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.
Du får arbeida i den nyoppretta avdelinga i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø
- Leggja til rette for meistring og god livskvalitet
- Planleggja og gjennomføra aktivitetar
- Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring
- Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon
- Du må interesse for fagfeltet psykisk helse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Me ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Evne til å byggja gode relasjonar
- Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
- Gode samarbeidsevner
- Arbeider godt sjølvstendig og i team
Me tilbyr
- Ei variert og meiningsfull deltidsstilling i nyoppretta avdeling
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6704806Se her for andre jobber fra Kvam Herad