• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Natt
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4610050
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Helgestilling, 27-32% fast natt, MMNF sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

MMNF sone sør yt tenester til menneskjer med ulike hjelpebehov som bur i døgnbemanna bufellesskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har også avlastningsbustad for born med særskilde behov. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Bufellesskapet og Avlastingsbustaden ligg sentral i Skogsskiftet nær offentleg transport og Kommunedelsenter.

 

Det er no ledig 3 faste helgestillingar på natt frå 27-32% frå  snarast.

 

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i fagjournal

 

Kvalifikasjonar:

  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn, 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn, 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn. Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:
Avdelingsleiar: Ingebjørg Børnes mobil: 482 04 179
Einingsleiar: Kristin Straume mobil: 997 99 526

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Natt
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4610050
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune