Vacancy

Surnadal kommune

Helgastillingar, vikariat og engasjement i Bu- og aktivitetstenesta hausten 2026

Brannvesen

I Bu- og aktivitetstenesta gir vi tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Vi har ledig faste stillingar på helg, og det kan bli behov for tilsetting i kortvarige engasjement og når det blir ledig vikariat.

Vi ønskjer oss helsefagarbeidarar og assistentar som søkarar. Stillingane passar godt for studentar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning.

Ut frå brukarbehova har vi behov for å tilsette menn i nokre stillingar og kvinner i andre.

Det er ein fordel å ha førarkort kl.B.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid.

Hos oss får du:

  • opplæring og veiledning
  • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • studentavlønning jf. reglane i personalplanen
  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø