• Company
    Surnadal kommune
  • Application deadline
    21.04.2021
  • Form of employment
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Industry
    Brannvesen
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6650, SURNADAL
    SURNADAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3688561
  • Look here for other jobs from Surnadal kommune
  • Updated 01.04.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Surnadal kommune

Heimekonsulent i Indre Nordmøre barneverntjeneste

Brannvesen

Indre Nordmøre barneverntjeneste har ledig vikariat i 100% stilling som heimekonsulent.

Indre Nordmøre barneverntjeneste for kommunane Rindal, Sunndal, Tingvoll og Surnadal søker ny medarbeidar i stilling som heimekonsulent.

Barnevernsamarbeidet vart etablert 01.01.2020 med Surnadal kommune som vertskommune. Eininga er organisert med kontorstader i Sunndal og Surnadal.

Ein heimekonsulent kan settast inn som eit tiltak hos familiar som har behov for ekstra støtte og veiledning for ein kortare eller lengre periode.

 

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • Heimebesøk
  • Råd og veiledning til foreldre for å styrke foreldrefunksjonen
  • Samtalar med barn og unge
  • Observasjonar
  • Gjennomføre familiesamtalar
  • Fokus på nettverksarbeid og samarbeid med andre instansar
  • Tilsyn ved samvær m.v

 

Kvalifikasjonar:

  • Fortrinnsvis utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, eller anna relevant høgskuleutdanningog praksis
  • Det er ønskeleg med erfaring frå barnevernsarbeid og gjerne relevant vidareutdanning 
  • Evne til målretta, systematisk og metodisk arbeid

 

I tillegg til formell kompetanse legg vi vekt på at ein er egna for stillinga og har eigenskapar som evne til samarbeid, at ein er sjølvstendig, trygg og moden i tillegg til å være fleksibel.

 

Kontorstad Sunndal, hovedsakleg med arbeid i Sunndal og Tingvoll, men arbeid i dei andre kommunane i barnevernssamarbeidet kan bli aktuelt ved behov.

Ved behov i tjenesten vil også andre oppgaver innan barnevernsarbeid kunne bli aktuelt.

Ein må påregne noko arbeid utanom ordinær arbeidstid.

 

Vi kan tilby faglege utfordringar og mulegheiter for personleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fag.

Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff.

Du må ha førarkort kl. B og kunne disponere eigen bil.

 

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

 

  • Company
    Surnadal kommune
  • Application deadline
    21.04.2021
  • Form of employment
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Industry
    Brannvesen
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6650, SURNADAL
    SURNADAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3688561
  • Look here for other jobs from Surnadal kommune
  • Updated 01.04.2021