Heimehjelp - 20% fast stilling

Hemsedal Kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Vi har ledig 20% fast stilling som heimehjelp med oppstart 1. januar 2022. 

Arbeidet består av dagleg reinhald og praktisk bistand. 

Vi søkjer etter heimehjelp som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet 
- møter brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner og evner til å ta ansvar
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt
- har gode kommunikasjonsevner

 Vi kan tilby:
- høg fagkompetanse
- tilstrekkeleg opplæring
- eit godt arbeidsmiljø
- varierte arbeidsoppgåver

Krav til kompetanse:
Det er nødvendig med førarkort for å kunne utføre arbeidet. Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar, interesse og relevant yrkeserfaring.

Generell informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Tilsette i helse og omsorg kan bli pålagd å ta MRSA og tuberkulose prøve
- Krav om politiattest jf helsepersonelloven i helse og omsorg
- Vi har fokus på likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA §7

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir då ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hjå oss i Hemsedal kommune.

Kontaktpersonar:
Line Strandberg, Avdelingsleiar Heimebaserte tenester, mobil: 91666853, line.strandberg@hemsedal.kommune.no
Hege Owesen, Avdelingsleiar Bygdaheimen, mobil: 97498110, ho@hemsedal.kommune.no