• Företag
    Mattilsynet
  • Ansökningstiden
    18.05.2022
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5412, STORD
    STORD
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4571950
  • Se här för andra jobb från Mattilsynet
  • Uppdaterad 12.05.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Mattilsynet

Har du lyst til å betre fiskevelferda for hundre millionar laks om gongen?

Direktorater og tilsynsorgan

Dersom du brenn for å betre fiskehelsa og fiskevelferda her til lands er Mattilsynet plassen for deg. Hos oss vil du vere med på å betre fiskevelferda for fleire hundre millionar laks om gangen. Denne jobben krev stor innsats og ikkje reint lite pågangsmot i ei langsiktig satsing. Den utfordringa er vi klare til å ta, og vi håpar du har lyst til å vere med. 

Hos oss vil du jobbe med eit breitt utval fagekspertar, i og utanfor Mattilsynets organisasjon, som alle har eit sterkt engasjement for dyrevelferd generelt, og fiskevelferd spesielt. Du vil også jobbe med ekspertar på jus og forvaltning. 

Fiskevelferd er eit fagområde som ikkje har nådd langt nok. Det er ei felles forståing av at tilstanden er for dårleg i dag, og du deler kanskje denne oppfatninga? Vi jobbar ikkje berre med forvaltning, men også med utvikling av regelverket. Det gjør vi i dialog med dyreeigarar, næringsorganisasjonar og offentlege instansar. Hos oss vil du kunne bidra positivt med din kompetanse. 

Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe både på kontor og ute i felt og forhalde deg til eit omfattande regelverk. Sjølv om nokre saker kan vere like på mange vis, er ingen av dei helt like. 

Kvalifikasjoner:

  • Du forstår rolla di godt, og evnar difor å gjere gode og forholdsmessige vurderingar i forvaltninga av regelverket 
  • Du må klare å kombinere samarbeid internt og på tvers av fagområder og å greie å jobbe sjølvstendig
  • Du må vere god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, òg å finne løysingar
  • Du må kunne takla ein hektisk kvardag og vere god til å prioritere oppgåver
  • I ein variert kvardag må du både kunne planlegge godt, men også kunne tilpasse deg endringar 

Om du er personleg skikka og korleis du vil passe inn i teamet er ein viktig del av vurderinga vår, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget vårt. 

Personlige egenskaper:

  • Du må vere veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon 
  • Vi ønsker at du har relevant arbeidserfaring, til dømes frå havbruksnæringa eller offentleg forvaltning
  • Sidan du skal kommunisere med næringa om dels vanskelege tema, er det viktig at du har god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar
  • Du må ha førerkort klasse B

Vi tilbyr:

  • Eit fagleg sterkt fellesskap som har eit stort engasjement for betre dyrevelferd 
  • Utvikle din kompetanse på ulike fagområde og i forvaltningsrolla 
  • Stillinga er lønna som førsteinspektør (stillingskode 1498)/seniorinspektør (stillingskode 1499) frå kr. 550 000 avhengig av kvalifikasjonar  og arbeidsstad. 
  • Gunstige pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse 

Kva ventar du på?
Du søker ved å klikke på knappen, då kjem du til søknadssystemet vårt. Vi er meir opptatt av kva du kan, dine erfaringar og kompetanse enn kor flink du er til å skrive ein jobbsøknad. Derfor ber vi deg om å levere ein god og beskrivende CV kor du får fram kva du har gjort og oppnådd som gjer deg kvalifisert for stillinga du søker på. Du treng altså ikkje å skrive eller legge ved eit søknadsbrev. Når du sender inn søknaden din lastar du opp vitnemål og attestar som vedlegg.  

Dersom du har noko du lurer på, er det bare å ta kontakt med Chi Thuy Le på chi.thuy.le@mattilsynet.no eller 22778052/46811455. 

 

  • Företag
    Mattilsynet
  • Ansökningstiden
    18.05.2022
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5412, STORD
    STORD
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4571950
  • Se här för andra jobb från Mattilsynet
  • Uppdaterad 12.05.2022