Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Har du lyst på ei spanande leiarstilling i Vestnes kommune?

Offentlig forvaltning

Vestnes kommune har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar i Eining for kvalifisering og integrering.

I Eining for kvalifisering og integrering finn du Vestnes vaksenopplæring og Flyktningtenesta i Vestnes. Eininga er underlagt Oppvekst og kultur.

Vaksenopplæringa har per i dag 8 lærarstillingar og 150 registrerte deltakarar som får tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Vaksenopplæringa har kursverksemd og frå hausten vil ein kunne tilby Forberedande Opplæring for Vaksne (FOV) for dei som har behov for kompetanse i grunnskulefaga.

Flyktningtenesta har per i dag 13 tilsette med stor tverrfagleg kompetanse og tenesta består av eit busettingsteam, oppfølgingsteam og kvalfiseringsteam. Flyktningtenesta busett flyktningar i tråd med politiske vedtak i Vestnes kommune og har sidan 2013 busett over 400 flyktningar i Vestnes kommune.  Flyktningtenesta har ansvar for innhaldet i introduksjonsprogrammet etter Integreringslova og tilbyr individuelle tilpassa program ut ifrå kva kompetanse dei har med seg frå heimlandet.

Som avdelingsleiar i Eining for kvalifisering og integrering vil du saman med einingsleiar ha ansvar for fag, personale og økonomi på eininga sitt område.

Kvalifikasjonar:

-          Minimum 3-årig høgskule-/universitetsutdanning innan pedagogiske fag og fagfeltet til eininga

-          Leiarerfaring frå offentleg sektor med personalleiing og økonomiansvar

-          Vidareutdanning innan fleirkulturell forståing/fleirkulturell kommunikasjon

-          God innsikt i næringsliv og erfaring med samarbeid med lokale bedrifter

-          God systemforståing og kjennskap til det offentlege tenesteapparatet

-          God kunnskap om gjeldande lovverk

-          Rettleiingskompetanse

-          Erfaring frå arbeid med flyktningar og vaksenopplæring

-          God framstillingsevne både skriftleg og munnleg.

-          Må meistre både nynorsk og bokmål. Vestnes kommune er ein nynorskkommune, men opplæringa i eininga vert gitt på bokmål.

-          Gode IKT-kunnskapar

-          Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

Vi søkjer ein person som:

-          Har eit positivt menneskesyn og sterkt engasjement i integreringsarbeidet

-          Har ambisjonar om å skape eit godt læringsmiljø for våre deltakarar

-          Har evne til å planlegge og gjennomføre tiltak

-          Kan arbeide målretta og systematisk

-          Kan arbeide sjølvstendig og i team

-          Har evne til å etablere godt samarbeid mellom ulike partar i integreringsarbeidet og skape gode relasjonar

-          Kan inspirere, motivere og rettleie

-          Har eit heilskapleg fokus og evne å forstå kommunen sine mål og omsette dei i handling

-          Har gode samarbeidsevner på alle nivå i organisasjonen og med tillitsvalte

-          Har gjennomslagskraft og samstundes ei tydeleg og audmjuk tilnærming

-          Er framoverlent, nytenkande og uredd

-          Er fleksibel i høve til arbeidstid dei dagane det vert behov for det

 

Administrativ erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

 

Vi tilbyr

-          Ein arbeidsstad med flotte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

-          Ein arbeidsstad i utvikling

-          Ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

-          Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

 

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonstinnskot.

Prøvetida er 6 månader i faste stillingar

Ved tilsetjing som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

Referansar

Referansar vert etterspurt ved innkalling til intervju

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknadar sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vert vurdert.

Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

 

Ved spørsmål til stillinga, ta kontakt med Einingsleiar for kvalifisering og integrering, Kathrin Furland.