• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6601088
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Har du kontroll på tal og greier å sjå heilskapen?  

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søker ein medarbeidarar med solid økonomikompetanse som vil vera med å styrke og utvikle kommunen vidare. Du treng ikkje å kunne kommunaløkonomi til fingerspissane, det vil dyktige og engasjerte medarbeidarar hjelpe deg å lære. Kommunen er inne i ei spennande tid, og for å sikre gode tenester over tid, må me ha orden i økonomien. I dette arbeidet vil du få ei sentral rolle og høve til å gjere ein reell forskjell.   

Ledig stilling  

Eittårig vikariat i 100 %, med mogelegheit for forlenging.    

Stillinga vert ein del av team økonomi, som har ansvar for å planlegge, utvikle og følgje opp kommunen sin økonomi innanfor desse arbeidsområda: 

  • utarbeide årsbudsjett og økonomiplan    

  • rekneskap 

  • økonomistyring, oppfølging, rettleiing 

  • finansforvaltning   

  • kraftforvaltning 

  • økonomisk analyse 

  • verksemdstyring og utvikling   

  • eigedomsskatt  

 

Kvalifikasjonar    

  • fortrinnsvis høgare utdanning med mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning  

  • gode IKT-kunnskapar    

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk    

  • fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk    

  • nyutdanna vert og oppfordra til å søke    

 

Eigenskapar    

  • evne til å arbeide både strategisk og operativt    

  • er nøyaktig og strukturert    

  • har humor og arbeidsglede    

  • du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde    

  • er god til å formidle

  • forankre og få folk med på laget    

  • har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert    

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6601088
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune