Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Kvam Herad i Brønnøysund

Grunnskulelærarar haust 2022

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye grunnskulelærar? Kvammaskulen treng fleire vikarar!

Strandebarm skule har ledig 1 vikariat i 100% stilling

  • 100 %: eit lærarvikariat ut skuleåret 2022-2023 som faglærar primært på ungdomsskulen. Realfagkompetanse og lærarar med spesialpedagogisk kompetanse er ynskjeleg.
  • I tillegg ser me etter ein med spesialpedagogisk kompetanse, evt. med erfaring som barnevernpedagog, sosionom, miljørettleiar, til eit vikariat dette skuleåret. Menn oppfordras til å søke. 

Norheimsund skule har ledig vikariat i 60 - 100% stilling

  • Eit vikariat som lærar på  1. og 4. trinn er ledig frå snarast til 21.12.2022.   Til dette vikariatet er det ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse. Søkjarar med relevant erfaring som t.d. vernepleiar, sosionom og barnevernpedagog er og velkomne til å søkja.

Kvam ungdomsskule har ledig 1 vikariat i 100% stilling

  • Aktuelle fag kan vera engelsk og matematikk.

Tørvikbygd skule har ledig 1 vikariat i 20 % stilling

  • Lærar i 1 - 4 klasse.

 

Kvammaskulen skal vera ein god stad å læra og ein god stad å vera, og me har fokus på godt og trygt skulemiljø for alle.
Barnehagar og skular vidarefører felles utviklingsarbeid med fokus på læringsmiljø og pedagogisk analyse (LP), nyare skuleforsking og oppfylgjing av kartleggingsresultat.
Klasseleiing, positivt elevsyn og relasjonsbygging er fokusområde i Kvammaskulen. Vårt elevsyn er at born gjer så godt dei kan, og at born ikkje er vanskelege, men kan ha det vanskeleg. Kompetanseheving og fagleg satsing skuleåret 21/22 er hovudsakleg LK-20.


Arbeidsoppgåver

  • undervise i faga i grunnskulen
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med opplæringslova og gjeldande forskrifter
  • deltaking i skulens sitt utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning for grunnskulen jf. forskrift til opplæringslova § 14-1
  • gode relasjons- og samarbeidsevner 
  • digital kompetanse og interesse for å utvikla skule digitalt
  • erfaring med undervisning i heile grunnskulen er ein føremon 
  • pedagogisk utdanning er ei føremon, men søkarar med relevant erfaring kan også verte vurdert

Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personlege eigenskapar som: 

  • evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • vere ein klar og tydeleg klasseleiar
  • gode samarbeidsevner
  • god kommunikasjonsevne, relasjonelt, skriftleg og munnleg
  • fleksibel og engasjert
  • varm og tydeleg  
  • kan arbeida strukturert og systematisk

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

  • Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.