Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Grunnskulelærar, vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Velkomen som søkjar til vikarstillingar!

Kvam er ein god stad å bu for barn og vaksne. Me har flotte naturområde, fjell og Hardangerfjord, og alt dette berre ein times biltur frå Bergen. Kvammaskulen treng fleire engasjerte grunnskulelærarar. Me treng deg som brenn for god undervisning i eit trygt og godt skulemiljø. Du er oppteken av å motivera elevane for livslang læring og medverknad.

Kvam ungdomsskule og Norheimsund skule treng vikarar skuleåret 2024-2025

Norheimsund skule, 1.-7. skule med 278 elevar og 64 tilsette.

  • 100 % vikariat som kontaktlærar på 3. trinn frå 01.10.2024 til og med 31.07.2025.
  • 100 % vikariat som lærar frå snarast til og med 31.07.2025

Kvam ungdomsskule, 8 - 10. trinn med 252 elevar og 50 tilsette.

  •  50% vikariat som lærar i kunst- og handverk, frå 1.10.2024 til og med 31.07.2025, med moglegheit for auke i stillingsprosent.

Skulane har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevane. Me arbeider for eit positivt elevsyn: "Barn er ikkje vanskelege, dei kan ha det vanskeleg".

Me har fokus på implementering av LK 20, ny opplæringslov, og bruker ulike verktøy / prosjekt som er felles for alle skulane, som til dømes LP-modellen (Læringsmiljø og Pedagogisk analyse), VFL (Vurdering for læring), Dekom (Desentralisert kompetanseutvikling) og BTI (Betre Tverrfagleg Innsats). Me er også ein del av Udir si oppfølgingsordning.

Vil du vite meir om oss les her: Norheimsund skule 

Arbeidsoppgåver

  • Planleggja og gjennomføra undervisning i tråd med LK20
  • Skapa eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Undervisning på barne- og ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning for grunnskulen jf. forskrift til opplæringslova. Andre med relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan også verta vurderte for vikariat.
  • Aktuelle fag: basisfaga og kunst og handverk på ungdomstrinnet. Andre fag vil verta vurderte.
  • God fag/metode/relasjons- kompetanse.
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT.
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 17-11.

Personlege eigenskapar

  • Me legg vekt på personelege eigenskapar som:
  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysningar
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • Systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.