Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stavanger Kommune

Grunnskulelærar vikariat

På Ombo oppvekstsenter har vi frå 02.01.2023 ledig eit 100 % vikariat som lærar i samband med foreldrepermisjon. Det kan bli moglegheiter for forlenging av kontrakten, etter avtale. Det er ynskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring.

Oppvekstsenteret har barnehage, SFO og barneskule i same bygg. Skulen har to «fådelte» klassar, med totalt 20 elevar på 1.-6. trinn (1.-2. klasse og 4.-6. klasse). Med 9 tilsette i skule, SFO og barnehage, er oppvekstsenteret ein mangfaldig og dynamisk arbeidsstad, kor ein legg stor vekt på barna og elevane sitt lærings- og oppvekstmiljø. Som lærar på Ombo oppvekstsenter vil du møte engasjerte kollegaer som er opptatt av elevane sin trivsel og læring. Du blir del av eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø, med mykje samarbeid mellom trinna, og mellom skule og barnehage.


Ombo oppvekstsenter brukar nynorsk i opplæringa.


Oppvekstsenteret ligg på vakre Ombo, den største øya i Stavanger kommune og midt i øyparadiset Ryfylke. Her er sjø, fjell, skog og lokalt dyreliv tett på, noko som gir fantastiske moglegheiter til spennande aktivitetar for undervisning og fritid.


Du må ta båt for å komme til Ombo, enten med hurtigbåt frå Stavanger/Judaberg (Finnøy) eller med ferje frå Judaberg/Hjelmeland. Det er lagt til rette for å pendle til/frå Judaberg, og tunnelforbindelsen mellom Finnøy og Stavanger, samt ferjene til Ombo, er gratis. Oppvekstsenteret ligg på Eidssund, med gå-avstand frå ferje- og hurtigbåtkai. Om du ønsker å bu på Ombo kan skulen og innbyggjarane vere til hjelp med å finne bustad.  


Er du ein engasjert pedagog som brenn for elevane si læring? Då er kanskje du akkurat den me leitar etter!

 

Arbeidsoppgaver:

* Undervise i basisfaga, fortrinnsvis på 1.-2. trinn, men også på 4.-6.trinn.
* Kontaktlærar.
* Foreldresamarbeid.
* Kollegasamarbeid.   

Kvalifikasjoner:

* Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Søkarar under utdanning vil også bli vurdert.
* Kompetanse innan grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring. Det er særskilt ynskjeleg med kompetanse innan norsk, matematikk og engelsk.
* Erfaring med undervisning og klasseleiing er ein fordel.
* Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne bruke relevant dataverktøy.
* Gode norskferdigheiter, skriftleg og munnleg. Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande nivå B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.
* Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht. gjeldande lovverk. 

Personlige egenskaper:

* Du er tålmodig og fleksibel.
* Du kan jobbe sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver.
* Du er god på gruppeleiing.
* Du har fagleg og personleg styrke, og er opptatt av tryggleik, utvikling og læring.
* Du har gode relasjonelle ferdigheiter og eit positivt elevsyn.
* Du er raus og har godt humør.
* Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.

Vi tilbyr:

* Tilsette, elevar og føresette som er stolte av skulen sin.
* Kjekke kollegaer, godt arbeidsmiljø og vakker natur.
* Hjem-jobb-hjem for reiser i heile kommunen.
* Stillingskode og lønn i tråd med gjeldande tariffavtale.
* Gode pensjons- og forsikringsordningar.