• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    20.03.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5026680
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 22.02.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Aukra kommune

Grunnskolelærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå hausten av treng vi ein eller to lærarar ved Julsundet skole. Vi søker etter lærar for inntil to stillingar for 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn frå skoleåret 2023-2024. Det er ønskeleg med fordjuping i ulike fag.

Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. I Aukraskolane skal vi saman legge til rette for læring for alle elevar og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi skal arbeide for eit inkluderande fellesskap og eit trygt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring for alle. Julsundet skole er ein 1- 10 skule, med 250 elevar og 60 elevar på SFO.

Arbeidsoppgåver
Planlegge og gjennomføre god, variert og tilpassa undervisning
Ha godt samarbeid med foreldre som kontaktlærar
Skape eit trygt og godt læringsmiljø
Bidra til eit godt skole- heimsamarbeid
Bidra til godt samarbeid i teamarbeid

Kvalifikasjonar
Lærarutdanning for1.-7. trinn eller 5- 10. trinn.
Gode norskkunnskapar og god evne til kommunikasjon både munnleg og skriftleg
Kompetanse på spesialundervisning er ein fordel
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Helse til å stå i arbeidet

Personlege eigenskapar
Du har eit positivt elevsyn, og har evne til å skape gode relasjonar med elevane
Du er ein tydeleg, varm og trygg klasseleiar
Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane
Du er systematisk og strukturert
Du har høge ambisjonar for kvar elev

Vi tilbyr
Ein skole med god systematikk og gode rutinar
Ein aktiv og utviklingsorientert arbeidsplass med rom for erfaringsdeling og kompetanseheving
Ei støttande leiing
Ei positiv og samarbeidsorientert foreldregruppe
Rettleiing og oppfølging av nyutdanna nytilsette
Eit godt arbeidsmiljø med samarbeidande og entusiastiske kollegaer med mykje humor

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i
søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Jf.
offentleglova § 25. Du blir varsla om ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandeling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk
søknadsskjema via funksjonen "Send søknad".



 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    20.03.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5026680
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 22.02.2023