Company
SkatteetatenApplication deadline
09.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Direktorater og tilsynsorganEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0663, OSLO
OSLO
Number of positions
1Career-kode
6539429Look here for other jobs from Skatteetaten
Skatteetaten
Gjer skatt forståeleg, éin animasjon om gongen.
Direktorater og tilsynsorgan
Mange synst skatt er litt vanskeleg. Derfor jobbar vi kvar dag for at folk skal finne det dei treng, forstå det som kan verke komplisert, og få gjort det dei må innanfor skatt, avgifter, betalingar og folkeregisteret. Jobben vår er å gjere det enkelt å gjere rett, og vanskeleg å gjere feil.
Vi søkjer ein erfaren animatør som vil vere med å skape visuelt innhald som gjer komplekse ting enkle. I kommunikasjonsmiljøet vårt, som nyleg vann gull som Årets kommunikasjonsavdeling, jobbar du tett med rådgjevarar, designarar og produsentar i eit team på 10 kreative visuelle produsentar. Saman lagar vi animasjonar som folk faktisk forstår og kanskje til og med likar.
Kvalifikasjoner:
- Produsere 2D-animasjon til forklaringsvideoar, nettsidene våre og kampanjar
- Bidra med animasjon i ulike videoproduksjonar for ulike kanalar
- Delta i kreative prosessar frå idéutvikling til ferdig produkt
- Samarbeide med folk frå kommunikasjon, IT og fagavdelingar i heile organisasjonen
I løpet av året vil du jobbe med omtrent 3 store produksjonar og mange små.
Personlige egenskaper:
- Minimum 3 års erfaring med animasjon der 2D er hovudområdet ditt
- Solid kompetanse innan grafisk design, illustrasjon og teikning
- Erfaring med animasjon i videoproduksjon
- God kjennskap til Adobe sine verktøy (særleg After Effects)
- Erfaring med å lage og bruke storyboards og animatic
Vi tilbyr:
Vi ser etter nokon som er trygg på å samarbeide på tvers av fagmiljø, som klarar å halde oversikt over fleire prosjekt samstundes, som tenkjer kreativt og finn løysingar undervegs, og som set pris på å bidra der det trengst. Du vil jobbe med både større og mindre produksjonar og av og til måtte ta omsyn til korte tidsfristar. Du må vere komfortabel med å animere i vår visuelle stil og tone.
Slik søkjer du
Vi har droppa søknadsbrevet. I staden vil vi sjå kva du kan:
- Gå inn på Søk på stillinga
- Last opp CV-en din som viser kva du kan og har erfart
- Last opp eit PDF-dokument på ei side med lenke til 3 videoproduksjonar du har laga og ein kort tekst der du fortel kva rolle du hadde i kvar av videoane
Kvifor skal du velje oss?
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store moglegheiter til å planleggje eigen arbeidsdag.
Hos oss får du jobbtryggleik, god balanse mellom jobb og privatliv, og ein arbeidsplass der du kan utvikle deg vidare. Du får rammer som sikrar deg tid til å puste, fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt høve til å trene litt i arbeidstida. Både kollegane dine og sjefen din vil be deg om å logge av til tider og ta fram blyant og papir.
Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt leggje til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.
Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer òg med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gode vilkår. Les meir på spk.no.
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som rådgjevar (kode 1434), med ei årslønn på 580 000 – 700 000 kr. Vikariat i eitt år, med ønskje om oppstart i bryjinga i april/mai.
Og ikkje minst: vi har eit kommunikasjonsmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer som vil hjelpe og støtte deg heile vegen. Du er kanskje ny i bransjen. Vi er 250 år. Saman skal vi lage innhald om skatt som alle kan forstå.
Verdt å merke seg før du søkjer
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne betre ut om vi er ein god match.
Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd.
Har du hol i CV-en din, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg høve til å få positiv særhandsaming. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne søkjarlista. Då må du grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
Company
SkatteetatenApplication deadline
09.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Direktorater og tilsynsorganEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0663, OSLO
OSLO
Number of positions
1Career-kode
6539429Look here for other jobs from Skatteetaten