• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    29.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5688823
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Gamingkonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøarbeidar/gamingkonsulent, 30% stilling prosjektstilling
Vil du vere med å gjere ein forskjell for ungdommane i Aukra? Ved Kulturavdelinga er vi no på utkikk etter ein miljøarbeidarar/gamingkonsulent som vil arbeide med å skape dei gode møteplassane for ungdom på ettermiddag og kveld.
Møteplass for ungdom i Aukra skal bidra til at ungdommen skal kjenne at dei høyrer til. Ungdom treng trygge og uformelle møteplassar på fritida. Kan du tenke deg å vere med å vidareutvikle ein arena der fokuset er å styrke inkluderingskulturen?

Til stillinga søkjer vi etter ein initiativrik og kreativ person med stort engasjement for ungdom.
Stillinga vil vere knytt til Kulturavdelinga som utfører tenester innanfor arbeidsfelta folkehelse, idrett og friluftsliv, ungdomsarbeid, kulturskole, bibliotek, frivilligsentral, samt lokalhistorisk arbeid. Den tilsette si rolle vil vere som inspirator, tilretteleggjar og rettleiar, ein som har tid til å lytte og samtale.

Arbeidsoppgåver:
• Arbeide målretta med å skape opne og inkluderande møteplassar
• Planlegge og gjennomføre ungdomsklubbkveldar og «Etter skoletid» med ansvar for aktivitetar som gaming, e-sport og digital kreativitet, og anna.
• Samarbeide med kommunale tenester, foreldre og det frivillig kulturlivet for å lage eit tilbod der alle ungdommar har lyst til å delta
• Utarbeide årshjul og halvårsplan i samarbeid med ungdommen og dei andre miljøarbeidarane.

Ønska kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning, fagbrev og eller erfaring frå ungdomsarbeid er ønskeleg, men ikkje eit krav.
• Kompetanse i gaming, e-sport og digital kreativitet
• God digital kompetanse i marknadsføring av tilbod til ungdom
• Evne til å arbeide sjølvstendig innanfor dei gitte rammer
• Gode samarbeidseigenskapar og vere ein god rollemodell
• Kjennskap til og interesse for kultur i Aukra og trendar blant ungdom
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
• Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
• Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
• Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
• Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
• Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.


Nærare opplysningar ved kultursjef Anne Jorunn Sandøy mob. 959 07 055.

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    29.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5688823
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune