• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    24.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573114
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 26.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Kreft- og palliasjonkoordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Aukra kommune finn du i Møre og Romsdal. Det er ein liten kommune med om lag 3700 innbyggjarar. Kommunen består av både fastland og øy, og du kjem deg til øya etter ein ferjetur på 10 minutt. Næraste by er Molde, som ligg 30 minutt unna øya Gossen, der om lag 2/3 av innbyggarane i kommunen bur. Aukra kommune har gassanlegg (Ormen Lange), fiskeforedling og industri som hovudnæringar i tillegg til kommunale arbeidsplassar. Kommunen ligg i naturskjønne omgivelser, som passar godt med ei aktiv fritid. Frå kommunen har ein nærleik til fjellturar, toppturar og ulike kulturarrangement både på øya og i Molde. Kommunen har nye bygningar som skolar, barnehagar og omsorgssenter. Våren 2022 var nytt kulturhus innflyttingsklart.

Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre. Legevaktsatelitt blir drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, avdeling for i psykisk helse, institusjonstenester og heimetenester.

Om stillinga
Pleie og omsorg lyser no ut stilling som kreft- og palliasjonskoordinator, som var oppretta som ny stilling i 2021. Stillinga er fordelt på 50 % koordinatorfunksjon og 50 % i turnus. Vi har alternative turnusordningar og ein kan velge om ein ønskjer å gå vanlege vakter eller lange vakter. I stillinga som koordinator skal ein koordinere, legge til rette og støtte personar og deira pårørande med kreft eller andre alvorlege sjukdommar. Koordinatoren skal opprette kontakt og koordinere tenester mellom tenestemottakar og tenesteapparatet, og andre instansar som naturleg bidreg i eit behandlingsforløp. Personen som skal ha denne funksjonen må vere fleksibel og gjere tilpassingar når individuelle behov og situasjonar krev det. Stillinga inneber 50 % dagarbeid og 50 % i turnus. Koordinatorfunksjonen inneber noko arbeid på sytemnivå som til dømes utarbeiding av prosedyrer, arbeidsprosessar og rettleiing i tillegg til individuell oppfølging. Arbeidsveka vert i gjennomsnitt 35,5 timers veke. Det er ein fordel om søkjar har erfaring i klinisk sjukepleie og arbeid med palliasjon.

Krav til søkar
Sjukepleiar med autorisasjon
Vidareutdanning i til dømes avansert klinisk sjukepleie/vidareutdanning i palliasjon eller liknande
Erfaring frå klinisk arbeid
God på kommunikasjon og relasjonsbygging
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
God munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga

Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læring kurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør

Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter HTA
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    24.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573114
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 26.03.2024