Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
13.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5974146Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Fysioterapeut - vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fysio/ergoterapitenesta i Sunnfjord kommune har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar. Vi har for tida ledig stilling som
100% vikariat fysioterapeut 15.01.2025 - 31.12.2025
Sunnfjord kommune ligg sentralt plassert på vestlandet, og har om lag 22 000 innbyggarar. Førde er den største byen og eit knutepunkt i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Køyreavstand til Bergen er om lag 3,5 timar, og i regionen er det flyplassar både i Førde, Florø, Sogndal og Sandane. Regionen er omkransa av fjordar og fjell, noko som legg til rette for flotte naturopplevingar. I nærområdet er det mange moglegheiter for fine toppturar, både til fots og på ski, og her er fleire skianlegg.
Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med barn og unge, i områda Førde og Sande i Sunnfjord. I vikariatet kan det også vere aktuelt med arbeidsoppgåver retta inn mot vaksne og eldre.
Tenesta har eit nært samarbeid med andre kommunale tenester, og vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling.
Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine i hovudsak vere:
- Vurdering, oppfølging og rettleiing av barn/unge med motoriske vanskar. Dette skjer på ulike arenaer, som til dømes i heimen, i barnehage/skule og i lokala våre i Førde og på Sande.
- Oppfølging av barn/unge med behov for habilitering.
- Hjelpemiddelarbeid.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper.
- Det kan også bli aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt vaksne og eldre brukarar, som til dømes poliklinisk oppfølging, oppfølging på korttidsavdeling, drift av treningsgrupper og anna.
Søkar må ha:
- autorisasjon som fysioterapeut
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- politiattest må leverast før oppstart i stillinga
Søkar bør:
- ha god arbeidskapasitet, og kunne handtere ein kvardag med mange og varierte arbeidsoppgåver
- vere strukturert, og kunne planlegge eigen arbeidskvardag
- ha god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc, Pasientsky og CGM.
- vere fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- ha erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
- ha noko erfaring frå arbeid med fysioterapioppfølging av born er eit ønske, men ikkje eit absolutt krav
Nyutdanna fysioterapeutar vert også oppfordra til å søke!
Oppgje referansar i søknaden
Velkommen som søkar til flotte Sunnfjord!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
13.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5974146Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune