Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
14.12.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3317478Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 08.12.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Fysioterapeut i 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi er på jakt etter en dyktig fysioterapeut med ansvarsområde barn og unge. Ein stor del av stillingsressursen er avsett til førebyggjande arbeid i skulehelsetenesta.
Oppmøtestad er distriktskontor Knarvik, men stillinga gjev tenester til alle skulane i Alver kommune. Oppmøtestad kan verte endra etter vurdert behov for ressursfordeling mellom distriktskontor i avdelinga.
Om arbeidsstaden
Fysio- ergoterapitenesta og hjelpemiddellageret ligg organisatorisk under lege og rehabiliteringstenesta i Alver kommune. Avdelinga har tilsett fysioterapeutar, ergoterapeutar og 2 hjelpemiddelteknikkarar. Dei kommunalt tilsette terapeutane er fordelt på distriktskontor på Frekhaug, i Knarvik og på Manger. Fysioterapetar med avtaleheimel gjev tenester på 7 institutt spredt i heile kommunen. Hjelpemiddellageret er lokalisert til Mjåtveit.
Arbeidsoppgåver
Førebyggjande helsearbeid for barn og unge i samarbeid med skulehelsetenesta
Planlegging og gjennomføring av tiltak
- Råd og veiledning til samarbeidsaktørar
- Undervisning
- Gruppetilbod
- Kartlegging og oppfølging av elevar i risikogrupper
Fysioterapibehandling/oppfølging
Rådgjeving og veiledning til pårørande og samarbeidsande personell
Hjelpemiddelformidling
Kompetansekrav
- Autorisasjon som fysioterapeut
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førerkort klasse B. Ved bruk av eigen bil vert kjøregodtgjersle gjeve etter statens satsar.
Ønskt kompetanse
Det er eit føremon med relevant erfaring og praksis som fysioterapeut i arbeid med barn og unge.
Forventningar til den som søkjer stillinga:
Vi søkjer etter deg som kan handtere å jobbe både på system- og individnivå. Du må vere ein initiativtakar og ha evne til å arbeide systematisk og målretta sjølvstendig og i team. Presentasjon og formidlingsevne er viktig då undervising og veiledning er del av arbeidsoppgåvene. Du må utføre arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis, og ha evne til å evaluere og forbetre tiltak både på system og individnivå. Det er viktig at du er fleksibel og løysningsorientert. Vi søkjer etter deg som har godt humør, og som bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt kollegialt miljø
- Fagleg utvikling og moglegheit til å bidra til å videreutvikle tenestetilbodet i nye Alver kommune
- Tilsetjing i hht gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
14.12.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3317478Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 08.12.2020