• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617484
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Fysioterapeut 80 % vikariat, Helse, meistring og rehabilitering

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:
Helse,meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider 40 personar med ulik fagbakgrunn, men flesteparten er ergoterapeutar eller fysioterapeutar
Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.
Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsvikt, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

Stillinga har kontorplassering i Skogsvåg og arbeider hovudsakleg med barn, men viss ikkje søkjar har erfaring får jobb med barn, kan andre arbeidsfelt vera mogeleg
Arbeidsoppgåvene vil vera vurdering, trening, oppfølging av barn i tenesta sine lokal i Skogsvåg/Straume, i skular og barnehagar – og evt. i brukaren sin heim.
Vi ønskjer person som er fleksibel, initiativrik både når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidstad, og jobbar godt med både barn og vaksne
Nært samarbeid med spesielt andre terapeutar som har hovudansvar for barn/unge

Stillinga er ledig frå snarast til 30.06.23

Arbeidsoppgåver:
• Individuell oppfølging/behandling til barn/unge – kan også bli aktuelt med oppfølging av vaksne/eldre
• Oppfølging av habilteringsbarn – vera koordinator for IP og leiar ansvarsgrupper
• Evt. gruppetrening i barnehage/skule eller på Straume terapisenter

 

Kvalifikasjonar:
• Bacheleor i fysioterapi
• Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg


Ønskjeleg med:
• Erfaring frå jobb som fysioterapeut med barn og unge – helst i kommunehelsetenesta


Eigenskapar:
• Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
• Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
• Du er ansvarleg, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
• Du arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
• Du er personleg egna

Anna: Ein må ha førarkort og må nytta eigen bil. Ein får køyregodtgjersle – når eigen bil vert nytta i jobben.

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA-bedrift
• Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
• Interessante utfordringar
• Høve til fagleg og personleg utvikling

  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617484
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2022