• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4233660
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Fysioterapeut - 70% vikariat

Alver kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig 70% vikariat som fysioterapeut i Alver kommune i perioden 01.01.22-30.06.22, med ansvarsområde barn unge 40% og vaksne 30%. Oppmøtestad kan verte endra etter vurdert behov for ressursfordeling mellom distriktskontor i avdelinga.

Om Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio- ergoterapitenesta ligg organisatorisk under lege- og rehabiliteringstenesta i Alver kommune. Avdelinga har tilsett fysioterapeutar, ergoterapeutar og 3 hjelpemiddelteknikkarar. Dei kommunalt tilsette terapeutane er fordelt på distriktskontor Frekhaug, i Knarvik og på Manger. Hjelpemiddellageret er lokalisert til Mjåtveit. Fysioterapeutar med avtaleheimel gjev tenester på 7 institutt spredt i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Fysioterapibehandling/-oppfølging barn- og unge samt vaksne (til heimebuande, i barnehage, på skule, i institusjon, individuelt og i gruppe)
  • Hjelpemiddelformidling (kartlegging, søking og opplæring)
  • Rådgjeving og rettleiing til pårørande og samarbeidande helsepersonell
  • Være kontaktperson for heimesjukepleien

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B - Tenesta har leasingbilar til disposisjon, men dersom det er ønskeleg kan ein benytte eigen bil og få køyregodtgjerlse etter statens satsar

Ønskte/personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som kan arbeide systematisk og målretta sjølvstendig og i team.
  • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel og løysingsorientert.
  • Arbeidet krev sjølvstende og at ein har god evne til å organisere eigen arbeidskvardag, spesielt sidan du skal ha tom ansvarsområda.
  • Det er og eit føremonn med relevant erfaring og praksis i arbeid med pasientar
  • Du må utføre arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis, og ha evne til å evaluere og forbetre tiltak både på individnivå og systemnivå
  • Vi ønskjer ein kollega som har godt humør, og som bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt kollegialt miljø
  • Fagleg utvikling og moglegheit til å bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet i Alver kommune
  • Tilsetjing i henhold til gjeldande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtaler

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 
  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4233660
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune