• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    15.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4890528
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Fysioterapeut - 50 % avtaleheimel, Alverklinikken

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Ledig avtaleheimel på 50% knytt opp til Alverklinikken. Avtaleheimelen er ledig frå og med 01.04.23, og tiltreding vil skje etter avtale.

Om Alverklinikken
Alverklinikken er ein godt etablert klinikk i Knarvik, omtrent 30 min køyring frå Bergen. Ved klinikken arbeider sju fysioterapeutar, og seks av fysioterapeutane har avtaleheimelar med kommunen. Klinikken har sju behandlingsrom, velutstyrt treningssal og god pasienttilgang. I tillegg til allmenne fysioterapeutar har klinikken to spesialistar i høvesvis manuellterapi og psykomotorikk fysioterapi. Fråtredande fysioterapeut har arbeidd som allmenn fysioterapeut, men har også arbeidd mykje med kvinnehelse.

Driftsform
Aksjeselskap, der alle har like stor eigarandel. Det forutsettes at ny heimelsinnehavar kjøper seg inn i selskapet.

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg

I tillegg ønskjer vi gjerne at du har

  • Brei erfaring og relevante kurs innan allmennfysioterapi
  • Interesse for, og eventuelt tilleggskompetanse eller erfaring innan kvinnehelse

Vi søkjer etter fysioterapeut

  • som har erfaring som privatpraktiserande fysioterapeut 
  • som har kompetanse, vilje og motivasjon til å være med og videreutvikle Alverklinikken
  • som er fagleg engasjert og driv forskings- og erfaringbasert fysioterapi
  • som har interesse for rehabilitering og fokus på aktiv behandling og trening
  • som har erfaring og med samansette problemstillingar, psykisk helse og ein heilskapleg tilnærming
  • som er engasjert og som bidrar i arbeidet med utvikling og kontinuerleg forbetring av fysioterapitenesta i kommunen
  • med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både kollegialt og ut mot andre samarbeidspartar
  • som lett oppnår god pasientkontakt og som er trygg i rolla som terapeut
  • som er løysingsorientert, fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tildeling av avtaleheimelen.


Fysioterapeuten skal drive praksisen sin i tråd med overordna mål og strategiar for helsetenesta i Alver kommune, helse- og omsorgstenestelova, der til ei kvar tid gjeldande avtaleverk fr fysioterapeutar (ASA 4303 og ASA4313) og eventuelt interne samarbeidsavtalar ved instituttet.


Tildeling av avtaleheimel skjer i samsvar med ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova-

Politiattest
Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.


Slik søkjar du
Trykk på kappen «send søknad». Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelpe med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    15.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4890528
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune