• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    16.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3899367
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 02.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Fysioterapeut

Offentlig forvaltning

Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid,
brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?
Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling?

Vi har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut.

 Til topps- leiarutviklingsprogram
Tilsette med høgskuleutdanning kan bli med i eit to-årig program om leiarutvikling med oppstart hausten 2021.
Her vil du i seks heildagssamlingar få teoretisk kunnskap om ulike aspektar innan leiing og individuell rettleiing. 
Vidare vil du i andre året få høve til å vidareutvikling din teoretisk kunnskap gjennom refleksjonsmøter, 
erfaringsutveksling,casetrening og praksistrening i avdelinga.

Om oss

Ergo- / fysioterapiavdelinga base på Ål helsesenter som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste,
heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og
prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.

Det er eit godt samarbeid i sektoren, og med frivillige og Frivilligsentralen.

Avdelinga har eit godt fagmiljø med 8 andre fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar.

Arbeidsoppgåver
  • habilitering/rehabilitering individuelt og i grupper
  • utreiing og behandling i barnehage, skole og helsestasjon
  • kvardagsrehabilitering – tverrfagleg arbeid
  • grupper i basseng
  • kurative oppgåver
 Kvalifikasjonar
  • stillinga krev utdanning og autorisasjon som fysioterapeut
  • førarkort
 Personlege eigenskapar

Arbeidsfeltet er sjølvstendig og utfordrande, krev gode samarbeidsevne, kreativitet og evne til å finne gode løysingar.

Personlege eigenskapar vert tillagt vekt.

  Me tilbyr

  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP
 Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

 Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". 
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan
opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    16.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3899367
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 02.06.2021