• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4233658
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Fysioterapeut - 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig 100% vikariat som fysioterapeut i Alver kommune i perioden 01.01.22-30.06.22, med ansvarsområde vaksne. Stillinga er eit 100% vikariat med varigheit frå 01.01.22-30.06.22. Oppmøtestad kan verte endra etter vurdert behov for ressursfordeling mellom distriktskontor i avdelinga.

Om Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio- ergoterapitenesta ligg organisatorisk under lege- og rehabiliteringstenesta i Alver kommune. Avdelinga har tilsett fysioterapeutar, ergoterapeutar og 3 hjelpemiddelteknikkarar. Dei kommunalt tilsette terapeutane er fordelt på distriktskontor Frekhaug, i Knarvik og på Manger. Hjelpemiddellageret er lokalisert til Mjåtveit. Fysioterapeutar med avtaleheimel gjev tenester på 7 institutt spredt i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Fysioterapibehandling/-oppfølging (til heimebuande, på institusjon, individuelt og i gruppe)
  • Hjelpemiddelformidling (kartlegging, søking og opplæring)
  • Rådgjeving og rettleiing til pårørande og samarbeidande helsepersonell
  • Være med å drifte tiltaket "kvardagsrehabilitering" i kommunen
  • Være kontaktperson for heimesjukepleien

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B - Tenesta har leasingbilar til disposisjon, men dersom det er ønskeleg kan ein benytte eigen bil og få køyregodtgjerlse etter statens satsar

Ønskt kompetanse/personlege eigenskapar

  • Du kan arbeide systematisk og målretta både sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du har gode evner til å organisere eigen arbeidskvardag
  • Det er eit føremonn med relevant erfaring og praksis i arbeid med vaksne/eldre
  • Du må kunne utføre arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis, og ha evne til å evaluere og forbetre tiltak både på individnivå og systemnivå

Vi ønskjer ein medarbeidar med godt humør, som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt kollegialt miljø
  • Fagleg utvikling og moglegheit til å bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet i Alver kommune
  • Tilsetjing i henhold til gjeldande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4233658
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.11.2021