Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.07.2020
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2987273
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Fysioterapeut 100 % mellombels stilling, Helse , meistring og rehabilitering

Om avdelinga:

Helse,meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider 45 personar med ulik fagbakgrunn, men flesteparten er ergoterapeutar eller fysioterapeutar

Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsvikt, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

Denne stillinga vil – viss vi får rette personen – vera retta mest mot barn og unge. Vi har fått midlar frå helsedirektoratet for tiltak saman med helsestasjonstenesta. Kontorplass vil hovudsakleg vera på Straume terapisenter, som er 1 av 4 kontorstader i eininga i Øygarden kommune.

Arbeidsoppgåvene vil vera oppfølging av barn individuelt og i gruppe. Dette vil vera på skule/barnehage eller på Straume terapisenter.

Deler av stillinga vil også vera retta mot vaksne/eldre. Her vil gruppetrening i sal og i terapibassenget vera aktuelle arbeidsoppgåver og truleg også noko individuell oppfølging

Vi ønskjer person som er fleksibel, initiativrik både når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidstad, og jobbar godt med både barn og vaksne.

Stillinga er mellombels frå snarast og ut 2020

 Arbeidsoppgåver:

  • Individuell oppfølging/behandling av barn
  • Førebyggande gruppetiltak for barn i skule
  • Individuell og gruppetilbod til eldre

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Bacheleor i fysioterapi
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring med å jobbe med barn

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå gruppetrening for barn
  • Erfaring frå fysioterapitiltak for barn
  • Gruppetrening i basseng

Eigenskapar:

  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Du er ansvarleg, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Du arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
  • Du er personleg egna

 

Anna: Ein må ha førarkort og fordel om ein kan nytta eigen bil. Ein får bil- og køyregodtgjersle

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.