Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
06.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6118497Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Fysioterapeut - 100% fast stilling i Askvoll kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Askvoll kommune har ledig 100 % stilling som fysioterapeut
Askvoll kommune søker etter ein engasjert fysioterapeut som vil bidra til å gje pasientar ein best mogeleg funksjon i kvardagen, og livskvalitet for våre innbyggarar. Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver innan rehabilitering og kurativt arbeid. Vi ser etter ein fagperson som trivst med å jobbe sjølvstendig, men som også verdset tverrfagleg samarbeid i et godt arbeidsmiljø. Dersom du ønskjer ein kvardag med fagleg utfordring og moglegheit til å gjere en forskjell for pasientar i ulike livssituasjonar, kan dette vere stillinga for deg!
Stillinga er ledig frå medio juni 2025, eller etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver:
Behandling og førebyggjande arbeid av pasientar i alle aldrar, hovudsakeleg vaksne og eldre
- Habilitering og rehabilitering
- To dagar per veke knytt til korttidsavdeling ved Askvoll omsorgssenter
- Tre dagar per veke med kurativ verksemd ved Askvoll fysikalske
- Helsebading
- Bestilling av hjelpemiddel
- Bruk av dokumentasjonsverktøya Physica og Acos CosDoc. Naudsynt opplæring vil bli gitt
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend fysioterapeut
- Ønskeleg med erfaring frå kommunalt arbeid
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
Engasjement for fagleg utvikling og pasientomsorg
- Fleksibel og løysingsorientert tilnærming
Vi tilbyr:
- Offentleg pensjonsordning (KLP)
Ein variert og givande arbeidskvardag
- Løn etter tariff
- Flyttegodtgjersle jf. Personalhandboka for Askvoll kommune
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
06.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6118497Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Avdelingsleiar - 100% fast stilling ved Bu- og miljøtenesta - Utvida søknadsfrist
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Ferievikar 2025 - Fysio- og ergoterapistudentar
Sogndal kommune
Sogndal -
Servicevert ved Fjaler Sjukeheim 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Ferievikar 2025 i Balestrand - sjukeheim, heimeteneste, vaskeri og kjøkken
Sogndal kommune
Balestrand -
Helsefagarbeidarar
Sogndal kommune
Balestrand