• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6664973
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ledig stilling

Ål Kommune

Frisklivskoordinator

Offentlig forvaltning

Er du ein engasjert person som ynskjer å bidra til auka helsekompetanse og betre livskvalitet for innbyggjarane i Ål?

Me søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert Frisklivskoordinator i 60 % fast stilling.

Stillinga gir deg moglegheit til å kombinere direkte brukaroppfølging med koordinerande og utviklingsretta oppgåver innan førebyggjande og helsefremmande arbeid.

Me ser etter deg som ynskjer å bidra både fagleg og strategisk til vidareutvikling av frisklivstilbodet i Ål kommune. Du vil ha ei sentral rolle i vidareutvikling av helsefremmande tenester og gruppebaserte tiltak, samt eit tett samarbeid med interne og eksterne aktørar. Du vil få ein variert arbeidskvardag med stor moglegheit til å påverke og utvikle tilboda våre i tett samarbeid med gode kollegaer og samarbeidspartar.

Frisklivssentralen er organisert inn under avdeling Meistring og er lokalisert saman med fysio- og ergoterapitenesta.

 Arbeidsoppgåver:

  • Individuell oppfølging og samtaler (helsesamtaler).
  • Dokumentasjon i journalprogram.
  • Planlegging og leiing av gruppetreningar og meistringskurs.
  • Samarbeid med fastlegar, andre kommunale helsetenester, nabokommuner og frivillige organisasjonar.
  • Skape og vidareutvikle helsefremmande tiltak i kommunen.

 Kvalifikasjonar:

Krav

  • 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå (til dømes fysioterapeut, ergoterapeut) og /eller idrettspedagog
  • Erfaring frå veiledningsarbeid, meistring, rehabilitering, frisklivsarbeid eller liknande
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

 Ynskjer

  • Erfaring med veiledningsarbeid og mestring
  • Interesse for tenesteutvikling, førebyggjande helsearbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Evne til å arbeide strukturert og koordinere fleire oppgåver samtidig
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tryggleik og motivasjon
  • Gode samarbeidsevner

 Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Godt humør, lojal og ærleg
  • Tydeleg og tilstadeverande
  • Engasjert og initiativrik
  • Strukturert
  • Gode evner til å byggje relasjonar og nettverk
  • Innovativ

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

 Me kan tilby:

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle framtida sitt frisklivsarbeid i kommunen
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lønn etter gjeldande avtaler

Me gler oss til å få deg med på laget!

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Flytte til Ål?

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.       

Velkomen som søkjar! 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6664973
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune