Vacancy

Statistisk sentralbyrå - SSB

Forskar innan miljø- og ressursøkonomi

Offentlig forvaltning

I Forskingsavdelinga i SSB  er det ledig stilling som forskar innan miljø- og ressursøkonomi. Me søkjer ein engasjert forskar som ønskjer å bidra til utviklinga av kunnskap om klima- og energipolitikk, økonomiske verknadar av miljøtiltak og verdsetjing av naturressursar og økosystemtenester.

Stillinga vil vere knytt til arbeidet med SNOW-modellen, ein numerisk generell likevektsmodell (CGE-modell) utvikla ved SSB for å gjennomføre langsiktige studiar av klimapolitikk. Modellen vert mellom anna nytta av Finansdepartementet i deira framskrivingar og analysar av norsk økonomi og klimagassutslepp. Du vil spele ei sentral rolle i vidareutvikling av SNOW-modellen. 

I tillegg vil du dei fyrste åra bidra til utviklinga av ein nasjonal naturrekneskap som skal imøtekome Noreg sine forvaltningsbehov og internasjonale rapporteringsforpliktingar innan 2026. Naturrekneskapen skal vise samanhengar mellom utbreiing og tilstand av ulike økosystem og forsyning av økosystemtenester, samt korleis desse tenestene vert nytta i samfunnet. Prosjektet skjer i samarbeid med Miljødirektoratet og andre aktørar, og du vil ta del i eit tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne partnarar.

Du vil være knytta til forskargruppa for miljø-, ressurs- og innovasjonsøkonomi, som består av 13 forskarar  med brei kompetanse innan energi-, klima-, ressurs- og innovasjonsøkonomi. Me nyttar ei rekkje metodar, inkludert numeriske modellar, økonometri, verdsettingsstudiar og anvend teori, og me bidreg aktivt til det internasjonale forskarsamfunnet gjennom publikasjonar i anerkjente tidsskrift. Forskinga vår legg grunnlag for samfunnsdebatt og politikkutforming innan fagområda våre, og me ønskjer deg som vil vere med på å vidareutvikle dette arbeidet i åra framover.

Som forskar i SSB vil du ha eit breitt ansvarsområde som omfattar utvikling og gjennomføring av nye forskingsprosjekt, utforming av søknader om eksternfinansiering og produksjon av forskingsresultat som bidreg til internasjonal publisering innan gruppa sine fagområde. Du vil få moglegheit til å utvikle din eigen forskingsprofil innan miljø- og ressursøkonomi, samtidig som du samarbeider med ekspertar frå eige og andre fagfelt i eit internasjonalt forskingsmiljø. Me ser etter ein forskar som ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsutvikling og formidling, og som vert motivert av å bidra med forsking som har relevans på både nasjonalt og internasjonalt nivå.

Kvalifikasjoner:

  • Fullført doktorgrad innan samfunnsøkonomi eller tilsvarande (avhandlinga må vera levert før oppstart).
  • Det blir lagt stor vekt på kvaliteten og relevansen til doktorgradsavhandlinga og internasjonale publiseringar.
  • Høg kompetanse i langsiktig makroøkonomi- og likevektsanalyse, samt modellprogrammering.
  • God framstillingsevne på engelsk og norsk (eller anna skandinavisk språk). 
  • Erfaring med å leggja til rette data og samanlikna og analysera desse.
  • Erfaring med/interesse for ulike kode- og programmeringsverktøy (til dømes Python, R, SQL, GAMS/MPSGE).

Personlige egenskaper:

  • Du har gode analytiske evne.
  • Du er målretta og sjølvstendig.
  • Du har god gjennomføringsevne.
  • Du samarbeider godt i team.

Kvifor skal du velja oss?

Hos oss vil du vere ein del av eit godt fagleg miljø med gode moglegheiter for eigenutvikling og fagleg fridom. Me er ein kunnskapsrik organisasjon med meiningsfulle og spanande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr:

  • Løn som forskar (1109) i lønsspenn frå kr. 624 500 til 777 900 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurdrast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Me har nytilsettprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.
  • Aktive velferds- og idrettsforeiningar med idrettsaktivitetar som fotball, innebandy og løping.
  • Treningstilbod med moglegheit for ein time trening i veka med treningsrom i kontorlokalane.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Starens pensjonskasse.

Verdt å merke seg før du søkjer:

  • Attestar/vitnemål/karakterutskrift skal registrerast/verte lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Me ber søkjarar som blir kalla inn til intervju om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar for tilsetjing.
  • Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.
  • Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Døme på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Me oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkyssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie, bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.