• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Sted:
    FJELL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FJELL
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4249912
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Førebyggjande personell 100 % fast - Øygarden brann og redning KF

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer deg som ønskjer å bli del av ei brann- og redningsteneste med store ambisjoner for det brannførebyggjande arbeidet. Er du klar for å bli med på laget?

Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterar direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette.

Branntryggleiken til innbyggjarar og besøkande, er vårt fokusområde, uansett om dei er heime, på jobb, på skulen eller i butikken. Det å arbeide ved førebyggjande avdeling er å vere med på målretta innsats for å betre branntryggleiken og gje ein tryggare kvardag for innbyggjare og besøkande i Øygarden kommune. Dette gjer vi gjennom tilsyn, haldningsskapande arbeid og andre brannførebyggjande tiltak. Vi ønskjer medarbeidarar som ønskjer å utgjere ein forskjell og har tru på at det alltid er mogleg å skape forbetring.

Øygarden brann og redning KF – førebyggjande avdeling har 10 årsverk fordelt på to seksjonar. I tillegg kjem avdelingsleiar og lærlingar. Seksjon for HMS tilsyn og opplæring, og seksjon for feiing og tilsyn. Avdelinga driv eit aktivt brannførebyggjande arbeid for og i samarbeid med kommunen. Stillinga som er lyst ut rapporterar til seksjonsleiar ved seksjon for HMS tilsyn og opplæring. Seksjonen består av to medarbeidarar i tillegg til seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning av barn og voksne
  • Planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn (særskilte brannobjekt, anlegg med farleg stoff og utsalsstader for fyrverkeri)
  • Brannførebyggjande prosjekt og kampanjar
  • Brannførebyggjande motivasjons- og informasjonsarbeid
  • Oppfølging av bekymringsmeldingar

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Relevant fagskule- eller fagutdanning (til dømes innan feiing/brannførebyggjing, bygg, helse, barn- og ungdom), Yrkesutdanning som brannkonstabel heiltid eller Universitets/høgskuleutdanning på bachelornivå
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner i norsk 
  • Førarkort minst kl. B
  • Førebyggjande kurs frå Norges brannskole, ev. gjennomføre dette etter at ein er tilsett

Utdanninga må tilfredsstille krav i brann- og redningsvesenforskriften § 40 (01.03.2022)

Ønskjeleg med:

  • Erfaring innan arbeid med førebyggjande brannvern
  • Erfaring med undervisning av barn og voksne
  • Erfaring med arbeid retta mot sårbare grupper
  • Kompetanse innan fyrstehjelp
  • Førarkort klasse BE

Personlege eigenskapar:

  • God på kommunikasjon og motivasjon
  • Trivs med å undervise barn og voksne
  • God til å tileigne seg ny kunnskap
  • Gode samarbeidseigenskaper
  • Praktisk anlagt
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Evne til å handtere fleire oppgåver samtidig

Anna:

  • Må ha normal god helse og fysikk (Må ha mobilitet til å gjennomføre inspeksjonar på bygg)
  • Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt fagmiljø med faglege utfordringar
  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • 2 timar trening i arbeidstida per veke
  • Treningsrom på arbeidsplassen
  • Lønn frå 408 500 kr – 490 800 kr, avhengig av ansiennitet

 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Sted:
    FJELL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FJELL
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4249912
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune