Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Flyktningkonsulent / programrådgjevar 100 % fast - Ål introsenter

Offentlig forvaltning

Me har ledig 100 % fast stilling som flyktningkonsulent/programrådgjevar med særskid ansvar for helseoppfølging ved Ål introsenter. Stillinga er ledig frå 1.4.2023.

Har du motivasjon og engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet vårt? Ønsker du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?

Då ønskjer me deg velkomen til vårt team! Me søkjer ein fagleg dyktig og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.

Ål introsenter har ansvar for å etablere og følgje opp flyktningar i fem år etter busetting i kommunen, og har også ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Ål introsenter held til på Ål kulturhus og er organisert i oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver

  • ansvar for helseoppfølging av busette flyktningar
  • tett oppfølging og rettleiing av familiar etter busetting
  • foreldrerettleiing (ICDP)
  • ansvar for den praktiske gjennomføringa av introduksjonsprogrammet, med unntak av norskopplæring, til dømes undervisning i livsmeistring og tema knytt til fysisk og psykisk helse
  • oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogram, blant anna knytt til integreringsplan, språkpraksis og mot utdanning og arbeid
  • sakshandsaming etter introduksjonslova og integreringslova

Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid og i skuleferiane må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • helsefagleg eller sosialfagleg bakgrunn er ønskeleg, men ikkje eit krav. 
  • gjerne erfaring med foreldrerettleiing, fortrinnsvis ICDP. Moglegheit for kursing viss du ikkje har sertifisering
  • erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • gode samarbeidsevner i samspel med barn og familiar
  • god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv i Noreg
  • bør ha førarkort og disponere bil

Me ønskjer oss ein medarbeidar som

  • har engasjement for faget og brukargruppa
  • er positiv, fleksibel og løysningsorientert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har evne til å motivere menneske i ulike livssituasjonar og møte dei med respekt
  • kan sette grenser i krevjande situasjonar
  • kan ta initiativ og vere med på å utvikle avdelinga

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Me kan tilby

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • eit hyggjeleg og engasjert arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • garantert barnehageplass og hjelp til å finne bustad
  • gunstig pensjonsordning i KLP
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovedtariffavtala

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 

Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune (aal.kommune.no)

 

Velkomen som søkjar!