• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.02.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960848
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 18.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Flyktningkonsulent / miljøarbeidar inntil 200 % mellombels - Ål introsenter

Offentlig forvaltning

I samband med auka busetting har me ledig to stillingar som flyktningkonsulent/miljøarbeidar ved Ål introsenter. Stillingane er mellombelse, med foreløpig tilsetting i eitt år. Oppstart etter avtale.

Har du motivasjon og engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet vårt? Ønskjer du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?

Då ønskjer me deg velkomen til vårt team! Me søkjer ein fagleg dyktig og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.

Ål introsenter har ansvar for å etablere og følgje opp flyktningar i fem år etter busetting i kommunen, og har også ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Ål introsenter held til på Ål kulturhus og er organisert i oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver

  • praktiske og administrative oppgåver ved busetting og etablering av flyktningar
  • tett oppfølging og rettleiing av familiar etter busetting, blant anna mot skule, barnehage og helsetenester
  • burettleiing, rettleiing knytt til kvardagsliv i nytt land og hjelp med praktiske oppgåver
  • vere med i gjennomføringa av introduksjonsprogrammet
  • oppfølging av språkpraksisplassar
  • oppfølging av barn i skule og barnehage

Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid og i skuleferiane må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning
  • erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
  • bør ha førarkort og disponere bil
  • det er ein fordel med språkkunnskapar i ukrainsk/russisk eller arabisk, men det er ikkje eit krav

Me ønskjer oss ein medarbeidar som

  • har engasjement for faget og brukargruppa
  • er positiv, fleksibel og løysningsorientert
  • kan jobbe sjølvstendig
  • har gode praktiske eigenskapar
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har evne til å motivere menneske i ulike livssituasjonar og møte dei med respekt
  • kan sette grenser i krevjande situasjonar

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Me kan tilby

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • garantert barnehageplass og hjelp til å finne bustad
  • gunstig pensjonsordning i KLP
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovedtariffavtala

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 

Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.02.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960848
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 18.01.2023