• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3034668
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Fleksibel og effektiv? Jobb med service og sakshandsaming ny kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobba i stabseining service i Øygarden kommune?

Vi arbeidar etter ei-dør-inn filosofi og yter service til innbyggjarar gjennom innbyggjartorg på Rong, Skogsvåg og Straume. Via kommunens nettsider og over telefon. Dei nærmare 3000 tilsette i kommunen får service frå tilsettservice. Eininga har også ansvar for politisk sekretariat og informasjonsarbeid. Vidare har serviceeininga ansvar for ei rekke kommunale søknadsprosessar.

Alle våre ansvarsområder er i endring og gjenstand for forbetring- og utviklingsarbeid.  Vi skal yte gode tenester til innbyggjarar, tilsette, og politikarar samtidig som endring pågår. Vi er i ein situasjon med tilsette i permisjon samstundes som det er ein mellombels auke i arbeidsmengde som følgje av endringsarbeidet. Difor søkjer vi no etter ein fleksibel og kundeorientert ny kollega som kan handtere fleire ulike oppgåver i samarbeid med våre dyktige og erfarne tilsette. Du vil bli tilsett som konsulent i 12-måneders engasjement. Arbeidsstad Straume eller kommunedelsentre, 15/35 minutt frå Bergen sentrum på ein køfri dag.  

 

Arbeidsoppgåver

  • Yte service i fyrstelinje: Veilede innbyggjarar og tilsette
  • Sakshandsaming etter lov, forskrift og kommunale retningslinjer. Døme på aktuelle områder:
    • Forskrift om startlån
    • Søknadar om redusert foreldrebetaling i SFO
    • Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede
  • Internt informasjonsarbeid

 

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgare utdanning.
    • Gjerne med innslag av fag som service, kommunikasjon, juridisk
  • Må kommunisere effektivt og med empati, munnleg og skriftleg. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen
  • Høg IT-kompetanse. Evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid i kundeorientert verksemd

 

Eigenskapar og trekk ved deg som person

  • Løysingsorientert
  • Positiv og inkluderande
  • Sjølvstendig
  • Du er rask i ditt arbeid, men nøyaktig når det krevs

 

Vi tilbyr

  • Ein variert kvardag med bredde i arbeidsoppgåvene
  • Store utfordringar og fagleg utvikling
  • Opplæring og støtte frå dyktigekollegaer
  • 12-måneders engasjement
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3034668
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.07.2020