Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
15.03.2021Position function
TraineeForm of employment
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Industry
ØkonomiEducational qualification
BachelorWork experience
Ikke påkrevetAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayOther workplaces
KINNNumber of positions
1Career-kode
3400947Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
- Updated 27.04.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Framtidsfylket AS
Fjord1 søker trainee innan økonomi
Økonomi
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden.
Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Selskapet driv og aktivitet innan passasjerbåttransport, catering og fjordbasert reiseliv. Vårt hovudkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag1200fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land.
Fjord1har dei siste åra bygd opp mot tretti nye el-ferger. I tillegg har vi bygd om, modernisert og tilpassa eksisterande fartøy til moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1har gjennom dette arbeidet sikra seg ein leiande posisjon i det grøne skiftet og elektrifiseringa av norske fjordar. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag er miljøkrava forsterka, og det er i stor grad til krav til null- og lågutsleppsteknologi.
Vi søkjer no etter trainee til vår økonomiavdeling ved hovudkontoret i Florø.
Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv, med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vår økonomiavdeling er satt saman av fagområda rekneskap, finans, økonomi og løn. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med fokus på totaliteten av selskapet.Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar.
Vi tilbyr:
Ei unik start på di karriere
Delta i prosjektarbeidpå tvers av fagområde
Moglegheit til åfå ansvar, og vere med å påverke utviklinga i selskapet
Jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver
Tett og god oppfølging både fagleg og personleg
Bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Bli ein del av ein aktiv gjeng som samlast for kjekke aktivitetar også på fritida
Moglegheit til ei vidare karriere i Fjord1
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i Vestland
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Ønska kvalifikasjonar:
Du er utdanna innan økonomi, finans, rekneskap, IT, eller kanskje noko heilt anna?
Interesse forbusinessintelligence (BI), grensesnitt og systemflyt
Personlege eigenskapar:
Du er løysingsorientert og nysgjerrig
Du tek fatt på nye oppgåver med motivasjon, engasjement og pågangsmot
Du er strukturert og ryddig
Du har gode kommunikasjonsevner
Du har sterke analytiske eigenskapar og er pådrivar for forbetringar
Du tør å stille spørsmål og utfordre etablerte praksisar
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?
Du vil vere tilsett i Fjord1 frå august 2021 til august 2022.
Kontaktperson i Fjord1:
HR-rådgjevar Heidi Felle
Mobilnummer: 48 22 27 91
heidi.felle@fjord1.no
Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
15.03.2021Position function
TraineeForm of employment
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Industry
ØkonomiEducational qualification
BachelorWork experience
Ikke påkrevetAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayOther workplaces
KINNNumber of positions
1Career-kode
3400947Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
- Updated 27.04.2021