• Företag
    Framtidsfylket AS
  • Ansökningstiden
    01.03.2025
  • Arbetsfunktion
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Trainee
  • Bransch
    Rådgivende ingeniører¤Maskinteknikk
  • Utbildningskrav
    Bachelor
  • Arbetserfsrenhet
    Ikke påkrevet
  • Adress
    5632, OMASTRAND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5990112
  • Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
Ledigt jobb

Framtidsfylket AS

Er du klar for å bygge framtidas fartøy?

Fjellstrand søker trainee: Maskiningeniør

Rådgivende ingeniører¤Maskinteknikk

Er du nyutdanna maskiningeniør på jakt etter din første jobb der du verkeleg kan setje spor?

I Fjellstrand jobbar me med heile prosessen – frå design av røyrsystem, framdriftssystem og ventilasjon til produksjonsoppfølging og produktmodellering. Som maskiningeniør hjå oss blir du ein nøkkelspelar i arbeidet med å skape berekraftige og innovative løysingar.

Me tilbyr meir enn berre ei stilling – me tilbyr ei moglegheit til å bidra i utviklinga av "state of the art"-fartøy, løysingar for havbruk og offshore, og spennande nyvinningar som batteridrivne snøggbåtar og robotiserte produksjonssystem.



 

Arbeidskvardagen din

  • Design av framdriftssystem, røyr og ventilasjon til både nye fartøy og ombyggingsprosjekt.
  • Oppfølging av leverandørar og produksjonsprosessar frå start til slutt.
  • Bidrag til utvikling av avanserte produktmodellar og berekraftige løysingar.

Hos oss vil du vere involvert i alt frå bygging av nye fartøy til ombyggingar av eksisterande skip, inkludert prosjekt innan havbruk og offshore. Som trainee får du jobbe tett med eit sterkt fagmiljø som kombinerer erfaring med nytenking. Me samarbeider med kjende aktørar som NTNU og Sintef og leverer både nasjonalt og internasjonalt.

Kva du kan forvente hjå oss

  • Spennande prosjekt: Variasjon er vår kvardag – du kan vere med på alt frå ombygging av forsyningsfartøy til utvikling av grøne energiløysingar.
  • Eit samansveisa team: Her jobbar du saman med folk som ikkje berre kan faget sitt, men som også bidreg til eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Utviklingsmoglegheiter: Me legg til rette for kurs og kompetanseheving, i tillegg til eit arbeidsmiljø som utfordrar og inspirerer deg.
  • Litt ekstra kvardagsglede: Kaffi i særklasse og spontane turar i fjella rundt Omastrand er berre noko av det du kan glede deg til.

Livet utanfor jobben

Omastrand er den perfekte plassen for deg som verdset balanse mellom arbeid og fritid. Med fjord og fjell som nærmaste naboar har du uendelege moglegheiter for friluftsliv, vassport, kulturarrangement og rolege stunder i vakre omgjevnader.

Bli med oss i Fjellstrand og bidra til å forme framtida for maritim innovasjon! Søk i dag!

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.

 

  • Företag
    Framtidsfylket AS
  • Ansökningstiden
    01.03.2025
  • Arbetsfunktion
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Trainee
  • Bransch
    Rådgivende ingeniører¤Maskinteknikk
  • Utbildningskrav
    Bachelor
  • Arbetserfsrenhet
    Ikke påkrevet
  • Adress
    5632, OMASTRAND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5990112
  • Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS