• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    16.04.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075263
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Ferievikarstillingar for ungdommar - Balestrand helsetun

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Helsetunet har eige kjøken som lager god heimelaga mat. Helsetunet har og eige vaskeri og ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell.

 

Om stillingane:

Me søkjer motiverte, engasjerte, sjølvstendige og interesserte ungdommar som ferievikarar for sommaren 2023 til sjukeheimen i Balestrand.

Arbeidsperioden vil vere i tida 19.06.2023 - 13.08.2023. Arbeidet vil vere på dagtid og ettermiddag med annakvar helg.

Opplys i søknaden perioden du kan jobbe.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Tillaging av enkle måltid, frukost/kvelds.
  • tilrettelegge og hjelpe ved måltid
  • ivareta hygiene på avdelingskjøkken.
  • Vask av senger, nattbord og hjelpemidler
  • Fylle på lager med klede og anna utstyr
  • Legge til rette for, og hjelpe bebuarane med aktivitetar, turar ut o.l.
  • Sosialt samvær med bebuarane, spele spel, lese avisa, lytte til musikk ol.

Kvalifikasjonar:

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Vere fylt eller fylle 16 år i løpet av 2023.

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
  • Imøtekommande

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.

 

Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
  • Løn etter tariff jf. HTA

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    16.04.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075263
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.03.2023