• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    28.05.2021
  • Sted:
    Vestnes
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Møre og Romsdal
  • Arbeidssted:
    Vestnes
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3493970
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune

Ferievikariat - Helse og omsorg

Vestnes kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Helse- og omsorg søkjer etter ferievikarar for perioden 21.06.21 – 15.08.21. Ferievikariatet i helse og omsorg har ulike turnusar. 

Krav til kompetanse:

Helse og omsorg
- sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
- helsefagarbeidar,hjelpepleiar,omsorgsarbeidar
- kokk
- reinhaldar

Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne.

For arbeid innan helse- og omsorg er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje. Innan reinhald kan personar som er fylt 16 år før ferieperioden søkje. 

Aktuelle tenestestadar i helse- og omsorg er
Helsehuset Stella Maris
Sentralkjøkken
Hellandtunet med einingane: Ivartun, Mariebo, Oppigarden
Heimetenestene
Eining for barn, ungdom og familie med eining: Myrateigen
Bu og habiliteringstenestene med einingane: Liaråket, Skogly, Solstua, Vestneshaugen, Bakketun, Steinrøysa, Kariplassen A, B og C, Furulia, Skogheim, Skogvegen/Myratoppen og Avlastningsbustad.
 
Arbeidsoppgåver:
Helse og omsorg
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
- ivareta krav i høve dokumentasjon
 
Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan pleie- og omsorg.
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Søkjarar som kan kan arbeide heile ferieperioden og heiltid kan bli prioritert. Ferievikariata har arbeid kvar 2. el. 3. helg.
 
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
 
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor leverast.
 
Personalkontoret kan kontaktast for rettleiing om vårt elektroniske søknadssjema.
 
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.
 
Har du spørsmål om stillingane og arbeidsoppgåver m.v. ta kontakt med leiar:
Helsehuset Stella Maris Institusjon, konstituert einigsleiar Greta Bjerke tlf. 911 42 009
Sentralkjøkken, konstituert einingsleiar Greta Bjerke tlf. 911 42 009 og Astrid Vik fagansvarleg tlf. 977 48 670
Hellandtunet, einingsleiar Hilde Eiken tlf. 918 02 106
Heimetenestene, konstituert einingsleiar Greta Bjerke tlf. 911 42 009 og avdelingsleiar Christell Hellstöm-Sagen tlf. 913 01 203
Bu og habilitering, konstituert einingsleiar Ina Killingrød Greve tlf. 974 82 775
Eining for barn, ungdom og familie, konstituert kommunalsjef Elly Christine V. Slettvoll tlf. 901 58 565
 
Velkommen med søknad 
 
 
 
  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    28.05.2021
  • Sted:
    Vestnes
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Møre og Romsdal
  • Arbeidssted:
    Vestnes
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3493970
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Opprett gratis bedriftsprofil
  • Legg ut alle dine ledige jobber
  • Bestill annonsering i alle kanaler
  • Motta søknader ett sted
Oppgrader om du ønsker flere verktøy
  • Profesjonell søknadshåndtering
  • Jobbmatch - 100.000+ kandidater
  • Integrasjoner med HR og fag-systemer
Opprett gratis bedriftsprofil