• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4947651
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Ferievikarar ved Valderøy omsorgsdistrikt sommaren 2023

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledige stillingar som ferievikarar ved Valderøy omsorgdistrikt frå 26.06. – 20.08.2023.

Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:

  •  sjukepleiarar, vernepleiarar, og andre relevante helse- og sosialfaglege høgskuleutdanningar.
  •  helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning
  •  legestudentar
  •  assistentar i pleie og praktisk bistand

 

Aktuelle arbeidsplassar er Giske Omsorgssenter og Heimebasert omsorg. Giske Omsorgssenter består av 2 langtidsavdelingar (derav 2 palliative rom), samt 1 korttidsavdeling. Vi treng også vikarar til å utøve praktisk bistand i heimane. Vi har stillingar både på dag/kveld og natt, og eventuell prioritering må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. Hugs å skriv i søknaden om du ønskjer bonusavtale!

Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.


Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Fortløpande tilsetjing.

Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
  • God digital kompetanse.
  • For tilsette i heimebasert omsorg/praktisk bistand er det krav om førarkort klasse B.
  • Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
  • Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Personlige egenskaper:

  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

Løn til pleiemedarbeidarar/assistentar:

  • Årsløn i heil stilling er per i dag frå kr 324 900,- til kr 431 400,- etter ansiennitet.
  • Dersom ansiennitet ikkje gir betre utteljing på løn får sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- over garantiløn, bestått 2. år: kr 30 000,- over minsteløn, pr i dag kr 324 900,-.
  • Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert.
  • Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over minsteløn, pr i dag kr 324 900,-. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
  • Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Bonusordning:

  • Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 27 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 15 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg.
  • Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at tillegget blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
  • Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4947651
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune