Company
Surnadal kommuneApplication deadline
30.06.2024Industry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5510832Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 05.04.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Surnadal kommune
Ferievikarar i Surnadal kommune Helse og omsorg 2024
Brannvesen
Har du lyst til å ha ein spanande og gjevande feriejobb, der du får vere med i utviklinga og bidra til tenester av god kvalitet til innbyggarane våre?
Søk på feriearbeid i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune!
Vi skal tilsette ferievikarar i:
- Heimetenesta
- Surnadal sjukeheim (aktuelle arbeidsoppgåver: pleieassistent, miljøarbeid, vaskeri, kjøkken og sørvisavdeling)
- Bu- og aktivitetstenesta
Vi bed om at du i søknaden prioriteter mellom avdelingane i høve kor du kan tenkje deg å arbeide.
Vi treng vikarar i juni, juli og august. Det er fint om du skriv i søknaden kor mykje og kor lenge du kan arbeide (samanhengande) i denne perioden.
Aktuell kompentanse/kvalifikasjonar:
Sjukepleiar, sjukepleiestudent, vernepleiar, vernepleiestudent, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, assistent.
Anna helse- og sosialfagleg utdanning eller studiar kan også vere aktuelt.
Legestudentar er velkomne som søkarar.
For arbeid i Heimetenesta må du ha førarkort kl.B.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest. Den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi ser etter deg som er engasjert i arbeidet og har evne til å samarbeide med andre, samtidig som er i stand til å arbeide sjølvstendig. God arbeidskapasitet og evne til å sjå arbeidet som skal utførast er noko vi set pris på.
Arbeidsoppgåvene knytt til dei ulike gruppene av tenestemottakarar, tilseier at du må kommunisere godt på norsk. Med tanke på nødvendig dokumentasjon av arbeidsprosessar er det også viktig å vere stødig i norsk skriftleg.
Vi tilbyr:
- opplæring og rettleiing
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- interessante arbeidsoppgåver
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- studentavlønning for høgskulegrupper med relevant studie for arbeidsoppgåvene
Ta gjerne kontakt med einingsleiarane våre for ein prat, dersom det er noko du lurer på:
Surnadal sjukeheim: Jenny Nordheim
Bu- og aktivitetstenesta: Rakel Polden
Surnadal Legesenter: Ann-Elin Stenberg
Heimetenesta: Elin Betten
Besøk Surnadal kommune på Facebook: https://www.facebook.com/surnadalkommune
Company
Surnadal kommuneApplication deadline
30.06.2024Industry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5510832Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 05.04.2024