Detaljer
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
14.02.2021Sted:
VALDERØYAStillingstype:
HeltidBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
MØRE OG ROMSDALArbeidssted:
VALDERØYALand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3372101Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ferievikarar i omsorg sommaren 2021
Det er ledige stillingar som ferievikarar i omsorg frå 21.06. – 15.08.2021.
Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:
- sjukepleiarar, vernepleiarar og andre relevante helse- og sosialfaglege og pedagogiske høgskuleutdanningar
- helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning
- legestudentar
- assistentar i pleie og praktisk bistand
Aktuelle tenestestader er Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, Valderøy omsorgsdistrikt og eining Meistring og psykisk helse. Eventuell prioritering av arbeidsstad må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom ein kan arbeide.
Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 %.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- God digital kompetanse.
- Det er ein fordel om søkjarane har førarkort og kan disponere eigen bil i dei fleste stillingane, og dei som skal arbeide i heimebasert omsorg må ha førarkort for bil med manuelt gir.
- Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
- Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Løn til pleiemedarbeidarar/assistentar:
- Årsløn i heil stilling er per i dag frå kr 302 900,- til kr 406 500,- etter ansiennitet.
- Dersom ansiennitet ikkje gir betre utteljing på løn får sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- over garantiløn, bestått 2. år: kr 30 000,- over minsteløn, pr i dag kr 302 900,-.
- Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert.
- Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over minsteløn, pr i dag kr 302 900,-. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
- Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Bonusordning:
- Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 32 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 10 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
- Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at tillegget blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
- Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater