• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4341559
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 19.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Ferievikarar - Heildøgn avd. Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga:

Me søkjer motiverte, fagleg engasjert, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar/ ferievikarar for sommaren 2022 til pleien, kjøkken og reinhald ved eininga heildøgn avd. Sogndal.

Me treng helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, assistentar og kokk til følgjande teneste område:

  • Korttid/ rehab avd.
  • Langtidsavdeling avd. Eplehagen
  • Omsorgsbustad avd. Prestahagen
  • Reinhald
  • Kjøkken

Arbeidsperioden vil vere i tida 20.06 - 14.08.2022.

Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioritert.

Arbeidstid: Turnus.

Ber om at følgjande vert oppgitt i søknaden:

  • Kva avdeling du vil jobbe ved (korttid/rehab, Eplehagen, Prestahagen, reinhald og/eller kjøkken)
  • I kva tidsrom du kan jobbe

Arbeidsoppgåver:

For korttid/rehab, Eplehagen og Prestahagen:

  • Stell og pleie av innleggande brukarar
  • Rehabilitering og trening
  • Mottak og utskriving av brukarar
  • Miljøarbeid

For reinhald:

  • Reinhald på dei ulike avdelingane
  • Frukostvertar på korttid/rehab og i Eplehagen

For kjøkken:

  • Hjelpe til med matproduksjon
  • Oppvask og rydding

Kvalifikasjonar - Alle søkjarar må:

  • Beherske norsk, både skrifteleg og munnleg
  • Vere fylt 18 år eller fylle 18 år i løpet av 2022

Me oppmodar sjuke- , vernepleiar- og kokkestudentar om å søke.

Personlege eigenskapar:

  • Gode eigenskapar som evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeida med andre
  • Du lyt vere oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag
  • Vere imøtekommande og positiv innstilt

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4341559
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 19.01.2022